Prosentar og poesi

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998

Eg har ikkje dikta opp mi eiga mållov, skriv Dagfinn Worren.

Per Holck klaga i Uniforum (17/1997) på nynorskmengda i bladet. Både Uniforum-redaksjonen (17/1997) og eg (1/1998) viste til mållova som formell grunngjeving for at Universitetet i Oslo skal nytte noko nynorsk. Minst 25 prosent ville vere i samsvar med lova.

Holck kjem så att og fortel at mållova (frå 11.4.1980) ikkje har nokon prosentdel for målbruk, og undrar seg over kva for mållov prosentsatsen kjem frå (3/1998). Slutten på innlegget til Holck er ein tekst i kursiv med tydelege poetiske kvalitetar: "Selv nynorske særinteresser bør lære / å være det loven har ment de skal være!"

Eg gjev gjerne Holck honnør som diktar. Men når han legg opp til at også eg har diktarevner, må eg protestere. Eg har ikkje dikta opp mi eiga mållov. I motsetnad til Holck har eg lese forskriftene til lova òg. Forskriftene (§ 6) seier nettopp at statsorgan med heile landet som tenestekrins skal ha ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom bokmål og nynorsk. Det vil seie "at ingen av dei to målformene skal vere representert med mindre enn 25 %".

Det er greitt nok at Holck ikkje likar nynorskprosenten korkje i Uniforum eller i mållova. Det som likevel undrar meg, er at han er villig til å redusere Universitetet i Oslo til eit regionalt universitet i ein vanleg kommune i strevet sitt for at Universitetet administrativt skal vere nynorskfri sone ("Er betegnelsen "Universitetet i Oslo" bare en talemåte?"). Det er universitetspolitisk oppsiktsvekkjande. Den geografiske plasseringa gjev seg sjølv. Men Universitetet i Oslo er då universitetet i hovudstaden med eit nasjonalt ansvar på dei fleste fagområda. Denne nasjonale funksjonen må vere mykje meir utfordrande å ha som utgangspunkt enn den geografiske plasseringa.

Holck har elles ei påfallande oppfatning av demokratiske rettar når han hevdar at den lovregulerte skipnaden mellom dei to nasjonale målformene er eit uttrykk for nynorske særinteresser. Eit demokratisk folkestyre vil ikkje seie at fleirtalet har alle rettar. Det tyder likeverdige rettar for alle.

Elles skulle det vere tid for å ta innover seg at fleirspråklegheit er ein vanleg tilstand i dei fleste samfunn. At dei to norske skriftspråka er etter måten like, gjer at vi har ein god pedagogisk situasjon. Mykje talar såleis for at det er eit høgt språkmedvit i Noreg, noko som den utbreidde dialektbruken syner (Sjå t d Jørn Lund i Språk i Norden 1990 s. 103). Difor kan statsvitar Tore Hansen avreagere mot "Språkbyråkratiet" (Uniforum 3/1998) med å skrive ut frustrasjonen sin på ein dialektnær nordnorsk der saftige ordelag fell lett i pennen. Han veit at bodskapen når fram, samstundes som han har gleda av å skrive i ein variant som byråkratane ikkje har laga nokon kategori for. Det er reine verdiskapinga, nett som Hansen ville ha det.

I mållovsforskriftene er det fastsett ein rimeleg minsteprosent for målfordeling. Likevel går det sjølvsagt an å bruke kritisk skjønsemd. Vi er ikkje tente korkje med 50-, 36,9- eller 25-prosentsdemokrati. Men skjønsemda skal ikkje føre til praksis etter eige tykke, men skape greie, meiningsfulle og pålitelege ordningar som er til beste for alle partar.

Dagfinn Worren
førsteamanuensis, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998
Publisert 13. mars 1998 12:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere