<font size="5"></font>- Forby kalkulatorar i skulen!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998

Styrar for Matematisk institutt:

- Det er naudsynt å forby bruk av kalkulatorar i matematikkundervisninga i skulen. Berre på den måten kan matematikk-kunnskapane til elevane bli betre enn i dag. Det meiner styrar ved Matematisk institutt, Arne B. Sletsjøe.

Av Martin Toft

{short description of image}NEI TIL KALKULATOR: Misbruken av kalkulator i skulen har gjort elevane dårlegare i matematikk, meiner styrar for Matematisk institutt, Arne B. Sletsjøe. (Foto: Kirsten Faustino)  

- Eg synest ein skuleelev får ei svært dårleg IT-utdanning når det heile går ut på å gå i butikken og kjøpa ein kalkulator som kan løysa dei grafiske rekneoppgåvene for han eller henne. Nei, då har eg meir tru på bruken av dataprogram med rekneark. Då kan ein læra å løysa meir eksperimentelle matematikkoppgåver der eleven er nøydd til å forstå kva som går føre seg for å få det til, synest Sletsjøe. Derimot har han ingenting imot at elevane brukar kalkulatoren for å finna kvadratrota til eit tal eller for andre rekneoppgåver som det vil vera upraktisk å gjera på eiga hand.

Strykprosenten går opp

- Alle andre matematikkoppgåver må eleven kunna klara å løysa utan kalkulator. Det er nemleg i stor grad misbruken av kalkulator i skulen me merkar fylgjene av i dag, meiner han.

Han viser til at matematikk-kunnskapane til studentane som tek til på byrjarkursa i matematikk på universiteta, har blitt mykje dårlegare berre i løpet av det siste året. Sletsjøe byggjer dette på ein fersk statistikk over strykprosenten på byrjarkursa i matematikk ved alle dei fire universiteta. Den viser at strykprosenten gjorde eit klart byks frå hausten 1996 til hausten 1997. Medan den både hausten 1995 og 1996 var på rundt 22 prosent, låg den i fjor på 35 prosent. I tillegg har også talet på studentar som byrjar på matematikk gått ned frå 1600 til 1300. Av dei var det altså 877 studentar som stod til eksamen.

Reform 94 har skulda

- Denne negative utviklinga er det Reform 94 som har hovudansvaret for. Elevane får ikkje lenger nok undervisning i den typen matematikk som dei vil få bruk for på universitetet, konstaterer han. I førre månad offentleggjorde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ein rapport som hadde sett på kva som kunne gjerast for å betra matematikkundervisninga i Noreg frå grunnskule til og med universitet og høgskular. Rapporten kjem med 14 tiltak som må til for at matematikkfaget kan styrkjast. Arne B. Sletsjøe er likevel ikkje imponert over rapporten.

Motivasjon

- Nei, eg synest rett og slett at den er for tam. Eg er heilt samd i at det er eit problem at så få hovudfagsstudentar i matematikk tar praktisk-pedagogisk utdanning for å bli matematikklærarar i skulen. Men eg saknar fleire konkrete løysingar på dette problemet. På mange måtar trur eg svaret ligg i å skapa motivasjon blant elevane slik at dei løyser matematikkoppgåver med lyst. Dei må få ein demonstrasjon av at det å leggja saman 42 meter med 12 meter og få det til å bli 54 meter, også kan generaliserast til 42+12=54 for deretter å bruka det på andre problem, som til dømes 42 kilo pluss 12 kilo. Då vil det bli lettare å få dei til å lika matematikkfaget og dermed kanskje til å utdanna seg til matematikklærarar. Han gir derimot rapporten skryt for framlegget om å krevja minst to år med matematikk frå den vidaregåande skulen ved opptak til realfagsstudium, til studium i økonomiske fag og til allmennlærarstudiet. Sletsjøe har også tru på framlegget om å lata lærarar og elevar få meir tid til å gå grundigare inn i kvart tema innanfor matematikken.

- Men det viktigaste er at matematikkfaget får det same innhaldet som det hadde før Reform 94. Då kan elevane få den kunnskapen i algebra og bokstavrekning som dei vil få bruk for på universitetet, seier ein engasjert Arne B. Sletsjøe.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998
Publisert 13. mars 1998 12:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere