UiO samarbeider med Guatemala

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998

-Dette er ein viktig avtale for oss, og me håpar den kan innleia eit godt og fruktbart samarbeid mellom dei to universiteta våre.

  Av Martin Toft

{short description of image}SAMARBEID: Rektor Jafeth E. Cabrera og prorektor Knut Fægri skriv under samarbeidsavtalen mellom San Carlos-universitetet i Guatemala og Universitetet i Oslo. (Foto: Kirsten Faustino) 

Det sa rektor Jafeth E. Cabrera då han skreiv under samarbeidsavtalen mellom San Carlos-universitetet i Guatemala og Universitetet i Oslo. Prorektor Knut Fægri, som skreiv under på vegner av UiO fortalde at han lenge hadde sett fram til å setja namnet sitt under denne avtalen. Rektor Cabrera legg vekt på at avtalen er ein direkte fylgje av fredsavtalen mellom geriljagruppa URNG og den guatemalanske regjeringa.

  Fylgje av fredsavtalen

- Samarbeidsavtalen mellom vårt universitet og Universitetet i Oslo er eit resultat av den økonomiske støtta som den norske regjeringa lovde å gi til Guatemala etter underskrivinga av fredsavtalen som Noreg hadde vore med å forhandla fram i rolla som meklar. Det seier rektor Jafeth E. Cabrera til Uniforum. Ein av nykelpersonane i den prosessen var dagens rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved UiO, Gunnar Stålsett, som då var generalsekretær i Det lutherske verdsforbundet. I statsbudsjettet for 1998 løyvde Utanriksdepartementet 24 millionar kroner over ein fireårs-periode til samarbeid mellom universitet i Noreg og Guatemala. Ved UiO har Senter for utvikling og miljø (SUM) og Institutt og museum for antropologi (IMA) fått ei løyving på 4,4 millionar kroner til samarbeid med fagmiljø ved San Carlos-universitetet (USAC). Samarbeidsprogrammet er sett saman av ein forskingsdel om tvungen migrasjon og sosial oppattbygging i Petén-provinsen i nord og oppbygging av ein mastergrad i antropologi ved San Carlos-universitetet. Den første delen har professor Kristi Anne Stølen ved SUM ansvaret for, medan professor Eduardo Archetti ved IMA har ansvaret for den siste delen.

  Statleg universitet

- Universidad de San Carlos de Guatemala (USAC) er det einaste statlege universitetet og eitt av dei fire eldste universiteta i Latin-Amerika. Det blei grunnlagd ved eit kongelig dekret av den spanske kongen, Carlos II, 31. januar 1676. Universitetet har rundt 90 000 studentar fordelte på 10 fakultet og 5 skular, fortel Cabrera. Årleg blir 2000 studentar uteksaminerte frå dette universitetet som også blir kalla "Dei fattige sitt universitet". På 1980-talet forsvann fleire hundre studentar og lærarar. Mange fordi dei måtte dra i eksil til andre land, men enda fleire fordi dei blei myrda av representantar for militærregimet. Det har ført til at lærargenerasjonen frå 35 år til 50 år er borte på dette universitetet.

- No har situasjonen blitt mykje betre. Det har blitt slutt på krenkinga av suvereniteten til universitetet, slik som var tilfellet hausten 1994, då det var store studentdemonstrasjonar på San Carlos-universitetet, hugsar Cabrera. Han håpar avtalen etter kvart også kan utvidast til å gjelda student- og forskarutveksling mellom universitet i Noreg og San Carlos-universitetet i Guatemala.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998
Publisert 13. mars 1998 12:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere