Småstoff

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 01 1998

Vann 3.divisjon

Universitetets damelag i fotball vann i haust 3. divisjon i bedriftsserien. Dei gjorde det dermed betre enn dei to herrelaga som høvesvis unngjekk nedrykk frå 3. divisjon og vann 6. divisjon i bedriftsserien. I fremste rekkje på vinnarlaget står i kneståande frå venstre mot høgre: Anne Torill Vinje, Lisbeth Vingås, Astrid Jenssen og Jane Rognerud. Bakerst frå venstre står Nina Myrland, Anne Sverdrup, Annette Bjerve, Susanne Lehne og Elin Rognerud. (Foto: Ståle Skogstad)

Nytt om ord

Er du interessert i å vita kva bokstav som er mest brukt i bokmål og i nynorsk, kan du finna det ut ved å lesa 97-utgåva av årsskriftet "Ord om ord" som Seksjon for leksikografi og målføregransking nyleg gav ut. I artikkelen "Bokstavfrekvens og bokstavkombinasjonar" ser Laurits Killingbergtrø på kva bokstavar som dominerer både i nynorsk og bokmål med utgangspunkt i høvesvis Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Årskriftet inneheld også artikkelen "Karakteriserende personnavn i nyordsmaterialet" av Anne Engø. Den gir svar på bakgrunnen for uttrykka "være helt nils" og "være harry". Dessutan kan du lesa avskilsartikkelen til professor Dag Gundersen som har blitt pensjonist etter at han nyleg fylte 70 år. I tillegg til Dag Gundersen har også Erik Simensen, Lars S. Vikør, Boye Wangensteen og Gudmund Harildstad site i redaksjonen for tidsskriftet. Dei som vil ha eit eksemplar av årsskriftet, kan ta kontakt med Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Pris I

Professor Kjell Venås ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap har fått den populærvitskaplege prisen til Det historisk-filosofiske fakultetet for 1997. Den sakkunnige komiteen grunngjev avgjerda med den breie produksjonen hans av artiklar, bokmeldingar og kompendiar og med deltaking i radio og fjernsyn. Det blir særleg lagt vekt på den viktige rolla han spelte under minneåret for Ivar Aasen i 1996. Då forfatta han heftet "Livssoga åt Ivar Aasen" som blei spreidd i 25 000 eksemplar til skular og kulturinstitusjonar. Dessutan har han vore fagleg konsulent for ein cd-rom om Ivar Aasen, som kom ut i fjor. Komiteen viser til at Venås også har engasjert seg sterkt for nynorsken både i foredrag, i kronikkar og i artiklar i allmenntidsskrift og aviser. Formidlingsprisen er på 10 000 kroner i form av eit gåvekort til Grafisk Kunst. Under tildelinga takka Kjell Venås for prisen med å halda eit 15 minuttar langt populærvitskapleg foredrag om dialekt og normaltalemål. Der konkluderte han med at bokmålet har ei dansk skriftform med norsk uttale. - Difor kan bokmålet definerast som eit kreolspråk, slo Venås fast med eit lite glimt i auga.

Pris II

Hovudfagstudent i sosiologi, Cecilie E. Basberg har fått Senter for kvinneforskings pris for det beste arbeidet innan kvinne- og kjønnsforsking på hovudfagsnivå ved Universitetet i Oslo. Ho får prisen for hovudfagsoppgåva si i sosiologi. Den har tittelen "Omsorgens vilkår i et "kvinnefengsel", og handlar om forholdet mellom fengselsbetjentane og dei innsette på Bredtvedt kvinnefengsel. Basberg, som no arbeider for Kriminalomsorg i frihet (KROM), fekk utdelt prisen under nyttårsselskapet til Senter for kvinneforsking tidlegare denne månaden.

Sølv til Teknisk

Teknisk avdeling kom på andreplass da Universitas-prisen for 1997 ble delt ut, bare Radio Nova fikk flere poeng. Prisen går til dem som har bidratt mest til å gjøre studenthverdagen bedre, og rekreasjonsområdene på Blindern og funkisbygningenes kunstneriske utsmykking brakte Teknisk avdeling opp blant de beste, foran både Puben og Arbeidsforum.

Nøtter

1 Hvem er dette?

2 Hvor mange prosent av UiOs professorer er kvinner?

3 Hva står forkortelsen IMA for?

4 To av UiOs professorer har fått Nobels minnepris i økonomi. Hva heter de?

5 Hvilket fakultet har mest eksternt finansiert virksomhet?

Svar:

1 Svein Mønnesland, professor ved Institutt for østeuropeiske og orientalske studier

2 16 prosent

3 Institutt og museum for antropologi

4 Ragnar Frisch (1895-1973) og Trygve Haavelmo (1911-)

5 Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 01 1998
Publisert 28. jan. 1998 15:50 - Sist endra 1. sep. 2014 13:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere