Ad hoc frå Holck om nynorsk

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 01 1998

Per Holck har feil i datagrunnlaget sitt når han hevdar at ingen snakkar nynorsk på UiO, skriv førsteamanuensis Dagfinn Worren.

Professor Per Holck, Anatomisk institutt, har observert ein aukande nynorskbruk i Uniforum, "temmelig nøyaktig halvparten" i nr. 17/1997 (19/1997). Han ser ut til å undre seg over dette, då publikasjonen er ei internavis for Universitetet i Oslo, "hvor man som kjent ikke snakker nynorsk", og spør om avisa vil halde fram med å bruke så mykje nynorsk.

Holck får for så vidt greitt nok svar frå Uniforum, som minner om at Universitetet i Oslo er ein statleg institusjon som skal følgje gjeldande lover og reglar. I denne samanhengen vil det seie at avisa skal gjere sitt til at UiO gjev ut minst 25 prosent av det trykte materialet sitt på nynorsk i samsvar med mållova.

Det er likevel grunn til å sjå litt nærare på den bakgrunnen som Holck gjev spørsmålet sitt. Han hevdar som eit faktum at ingen snakkar nynorsk på UiO. Her har han feil i datagrunnlaget sitt. Mange tilsette nyttar nynorsk eller eit nynorsknært talemål i verksemda. Men biologen Holck tykkjer berrsynt at vi er ein truga art. Som eit vernetiltak bør vi kanskje skipe eit Forum neonorvegicum for å synleggjere oss.

Jamvel om datagrunnlaget til Holck er gale, ligg det likevel ein spennande implikasjon i nynorsk-påstanden til Holck. Holck går tydeleg inn for at det skal vere ein nær samanheng mellom talemål og skriftmål. Nynorsk er som kjent skriftmålet som byggjer på dei norske målføra. Spørsmålet er om Holck vil føre tankegangen sin vidare og gå inn for at ein skal bruke nynorsk skriftmål alle stader der det samsvarar betre med målføret enn bokmål. Eller var dette talemålssynspunktet berre eit ad hoc-argument?

Det er gledeleg at nynorskbruken i Uniforum ikkje er ein tilfeldig tilstand, men eit uttrykk for ein ansvarleg praksis.

Dagfinn Worren
Førsteamanuensis, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 01 1998
Publisert 28. jan. 1998 15:50 - Sist endra 1. sep. 2014 13:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere