"Den Norske Nobelkomite har bestemt..."

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1997

Francis Sejersted:

Klokka er eitt minutt på elleve ein kvardag i oktober. Heile verda held pusten.

AV MARTIN TOFT

I SENTRUM: Francis Sejersted omringa av journalistar under kunngjeringa av kven som hadde fått Nobels fredspris for 1997. (Foto: Kirsten Faustino)

Ein stor sal i Det norske Nobelinstituttet er fullt opp av journalistar, kamerafolk og fotografar frå heile verda. Alle kamera er retta mot den store brune døra på den venstre sida av salen. Presis klokka elleve blir døra opna av leiar for Nobelkomiteen, Francis Sejersted, og spenninga skal utløysast. Han går rett bort til mikrofonen og les opp teksten som vil bestemma dagsordenen for verdspressa og politiske leiarar på heile kloden det neste døgeret.

- Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 1997 skal tildelast, i to like store delar, International Campaign to Ban Landmines (ICBL) og koordinator for kampanjen Jody Williams for deira arbeid for å forby og fjerna anti-personellminer.

Avgjerda er kunngjort, no er turen komen til å svara på spørsmåla frå journalistane.

- Var dette ei vanskeleg avgjerd? spør Geir Helljesen frå NRK-Dagsrevyen.

- Ingen av Nobelkomiteen sine avgjerder er lette, svarar Francis Sejersted.

- Har Nobelkomiteen vore utsett for ein viss Diana-effekt? spør Joar Hoel Larsen frå NRKs utanriksredaksjon.

- Nei, på ingen måte, svarar historieprofessor Francis Sejersted som sidan 1991 årleg har vore i sentrum for verdspressa i fem minuttar ein dag midt i oktober. Elles i året arbeider han seint og tidleg som leiar for Senter for teknologi og menneskelege verdiar ved Universitetet i Oslo. Der er han akkurat no blitt ferdig med ei intern evaluering av senteret som han leiar. Han håpar også at universitetsleiinga gjer alt det kan for også å bevara det verdifulle forskingsmiljøet i framtida.

FASCINERANDE

Sejersted understrekar at det er forskaren i han han identifiserer seg mest med, men han vedgår også at han trivest i rolla som politikar den eine gongen i året han kunngjer kven som har fått Nobels fredspris.

- Det er fascinerande å vera med på ei avgjerd som kan få store politiske fylgjer og som det blir rekna med at alle politiske leiarar frå Boris Jeltsin i Russland til Bill Clinton i USA umiddlebart tar stilling til..Det viser at Nobels fredspris har fått ein utruleg prestisje, synest Sejersted som likevel nølte før han sa ja til å bli medlem i Nobelkomiteen i 1982.

- Slike førespurnader seier ein jo som regel ja til. Alle menneske, inkludert meg sjølv, er forfengelege, og difor seier me ja til slike prestisjefylte verv, vedgår Sejersted som måtte overta som leiar for komiteen etter at den dåverande leiaren Gidske Anderson insisterte på å trekkja seg frå leiarvervet i 1991.

- Det var blant andre tidlegare statsminister Odvar Nordli som spurte meg om og sterkt oppmoda meg til å overta vervet etter Gidske Anderson. Det var grunnen til at eg til slutt takka ja, fortel Sejersted. Han ynskjer at alle i komiteen skal kjenna seg komfortable med det endelege valet av fredsprisvinnar.

KONTROVERSIELL

- Eg er lei meg for at eg ikkje klarte dette i 1994 då fredsprisen gjekk til Yassir Arafat, Shimon Peres og Yitszak Rabin. Diverre klarte eg ikkje å hindra at Kåre Kristiansen gjekk ut av Nobelkomiteen i protest mot denne avgjerda, seier Sejersted som elles ikkje har noko i mot at fredsprisane er kontroversielle.

- Då er me i alle fall sikre på at prisen får brei omtale både i aviser, radio og fjernsyn. Eit av desse tilfella var avgjera om å gi fredsprisen til Andrei Sakharov. Det var nok dette som gav han den unike posisjonen som han hadde både i det tidlegare Sovjetunionen og i resten av verda, meiner Sejersted som set stor pris på alle fredsprisvinnarane han har møtt.

- Dei er store personlegdomar og fantastiske menneske alle saman som alle på kvar sin måte appellerer til dei beste instinkta i oss. Nelson Mandela, Josef Rotblath, Mikhael Gorbatsjov, Desmond Tutu og Rigoberta Menchú. Ja, no seier dei jo at Rigoberta Menchú kanskje hadde litt nærare kontakt med geriljaen i Guatemala enn det me trudde. Men dei seier samtidig at det var rett å gi henne fredsprisen, understrekar Francis Sejersted som også har bakgrunn frå studentpolitikken.

HøGRES HISTORIE

I 1957 blei han formann i Den Konservative Studenterforening og fem år etter ble han valt til formann i Det Norske Studentersamfund. Seinare har det politiske arbeidet avgrensa seg til å skriva tredje bind om Høgres historie.

- Det siste kapitlet handla om brakvalet for partiet i 1981, då partiet fekk rekordoppslutnad og Kåre Willoch kunne deretter danna ei rein Høgreregjering, minnest Sejersted.

- Etter årets katastrofalt dårlege valresultat for Høgre må du kanskje skriva eit nytt kapittel i Høgres historie?

- Partistrukturen i Noreg er ikkje tilpassa dagens samfunn og dei politiske utfordringane me har i dag. Den store oppslutnaden om Framstegspartiet ved det siste stortingsvalet var resultatet av at veljarane stemte i protest mot dei etablerte partia, resonnerer Sejersted som er svært lei seg for den kraftige tilbakegangen til partiet som står hans hjarta nærast, Høgre.

-Høgre har alltid representert respekt, ansvarlegdom og moderasjon. Denne gongen har nok partiet leke i begge endar, liberalistane har gått til Framstegspartiet medan dei verdikonservative har gått til Kristeleg Folkeparti, slår han fast og lanserer samtidig sin eigen politiske analyse.

KOALISJON MELLOM ARBEIDARPARTIET OG HøGRE

- Dei reelle politiske skiljelinjene går i dag tvers gjennom Arbeidarpartiet. Berre sjå på EU-saka. Men for Arbeidarpartiet er det viktigare med semje innan partiet enn med parlamentarisme. Det er dette redaktør Steinar Hansson i Dagsavisen Arbeiderbladet kallar for "eittpartistaten" med positivt forteikn, men eg vil seia at det er uheldig med ein slik "eittpartistat", seier Sejersted.

- Kvifor er det ingen, korkje i eller utanfor Arbeidarpartiet, som har foreslått ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet og eit anna parti? I dag er jo Arbeidarpartiet strengt tatt det einaste verkelege sentrumspartiet i norsk politikk. Ja, kvifor kan ikkje Arbeidarpartiet danna regjering saman med Høgre? Det ville ikkje eg ha noko i mot, fortel Sejersted som trur det kan bli spennande å sjå kva sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik klarer å få til.

- Overlever regjeringa hans budsjetthandsaminga, spår eg den eit langt liv, seier han.

I fritida prøver han å halda seg fagleg oppdatert. Men han får også tid til ei mjukare rolle.

- Eg er framfor alt bestefar for barnebarna mine, fortel 61 år gamle Francis Sejersted.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1997
Publisert 16. okt. 1997 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere