Forskarforeiningsleiar går av


­ Eg håper det i framtida vil bli mogeleg å slå saman Forskarforeininga med Professorforeininga, seier avtroppande leiar Håkon Hansen i Forskarforeininga.

Håkon Hansen går av etter ei årrekkje som leiar for Forskarforeininga. (Foto: Eva C. Mortensen)

AV NILS H. HARNES

Heilt sidan 1975 har Håkon Hansen vore leiar i Forskarforeininga, med unntak av fem år. På årsmøtet 26. april seier han takk for seg, og ser fram til gode år som pensjonist med reiser og arbeid i hagen. Han kan sjå tilbake på ein leiarperiode med medlemsauke, og både store og små sigrar. Han leier no ein organisasjon med nær 700 medlemmar.

­ Leiararbeidet har til tider vore strevsamt, men har gitt mykje på det menneskelege plan. Det å kunne få hjelpe enkeltmenneske med deira problem har vore spesielt givande, seier Hansen, og legg til at arbeidet har gått mykje lettare etter at det lokale sekretæriatet vart bygd ut.

­ Den viktigaste kampsaka har vore arbeidet for at vitskapleg tilsette får arbeidstida si delt mellom 50 prosent forsking og ein like stor del undervisning. Det er slått fast i regelverket, men er ikkje vorte gjennomført. Undersøkingar viser at vitskapleg tilsette arbeider 50 timar i veka i snitt. Dei får ikkje tid til forsking, og må difor forske på overtid, seier Hansen.

LøNNSKAMPEN

Eit anna arbeidsområde som har tatt mykje tid, er lønnsspørsmålet. Der meiner Hansen at utviklinga har gått i feil retning, og at forskarane ikkje har fått den lønnsauken dei burde. Derimot har foreininga, saman med andre, fått gjennomslag for kravet om professoropprykk for alle som har kompetanse.

REKRUTTERING

Rekrutteringa til Forskarforeininga er ikkje slik Hansen skulle ynskje, trass i jamn auke dei siste åra. Han trur det er fleire årsaker til litt svak rekruttering.

­ Mange stipendiatar og andre er mellombels tilsette. Dette gjer dei mindre tilbøyelege til å organisere seg. Det er synd, fordi vi arbeider med deira saker også. Forskarforbundet har lagt ned mykje arbeid for å betre vilkåra for stipendiatane. Universitetet er styrt av dei vitskapleg tilsette via demokratiske val. Dei vitskaplege oppfattar difor ikkje universitetet som arbeidsgjevar i vanleg forstand. Vi meiner det er viktig at dei vitskaplege forstår at universitetet er ein reelle arbeidsgjevar, seier Hansen. Han trur at den økonomiske situasjonen i framtida vil tvinge universitetet til å agere langt meir som arbeidsgjevar enn tidlegare.

Men no trekkjer altså Håkon Hansen seg tilbake. Likevel vil han ikkje misse kontakten med universitetet.

­ Eg vil halde kontakten med fysikkmiljøet og følgje med i det som skjer, seier han, og legg til at samarbeidet både med arbeidsgjevar og andre organisasjonar har vore godt desse åra.


Publisert 24. jan. 1996 21:08 - Sist endra 1. sep. 2014 12:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere