Senterhistorikk


Bioteknologisenteret er eit av fem senter som ligg under Kollegiet. Opprettinga av nokre av desse skapte i si tid stor uro. Ideane bak opprettinga var meir nytteorientert forsking, sterkare internasjonalisering og styring og ei klarare legitimering av forskinga. Kritikarane hevda at sentera i altfor stor grad var retta inn etter næringslivet sine interesser. Opprettinga av skjedde dessutan veldig raskt, utan å bli handsama skikkeleg i heile organisasjonen. Mange meinte at sentera tappa både fagpersonell og økonomiske midlar frå instituttmiljøa.

Ei rekkje av sentera har no vorte evaluert, med ulike resultat. Senter for kvinneforsking og TMV- senteret har fått bra evalueringar, medan SUM fekk nokså skarp kritikk frå evalueringsutvalet. Bioteknologisenteret vart vurdert som fagleg bra, men har problemer i samarbeidet med Det Naturvitskaplege fakultet. Senter for menneskerettar er enno ikkje evaluert. Felles for alle dei evaluerte sentera er at utvala har tilrådd at dei vert vidareførte.


Publisert 24. jan. 1996 21:08 - Sist endra 1. sep. 2014 12:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere