Avviser kritikken


­ Det viktigaste er no å tenkje konstruktivt for dei neste fem åra, seier Karl Henrik Sivesind i evalueringsutvalet.

Han meiner det er svært viktig å auke forståinga for tankegangen bak senteropprettingar.

­ I fagmiljøa møtte vi sjeldnare enn ynskjeleg ei forståing av det vi kan oppnå gjennom eit forskingssenter som ikkje ligg under eit bestemt fakultetDet er berre gledeleg dersom vi har misforstått standpunktet til Biokjemisk institutt på dette punktet, seier Sievesind.

­ Sentera er mellombels satsingar for å nå mål som dei ulike fagmiljøa ikkje kunne ha nådd åleine. Poenget er å gi eit løft for heile universitetet, understrekar Sivesind. Han meiner det ligg klart i sentertankegangen at det ikkje skal gjerast permanente omdisponeringar av personell og økonomiske midlar, og avviser med det Tordis Beate Øyen si etterlysing av avklaring av det økonomiske ansvarsforholdet.

­ Øyen var ei av dei siste vi intervjua i denne evalueringa, og vi hadde allereie gått gjennom saksdokumenta. Men vi brukte den same intervjuteknikken overfor ho som overfor alle andre, seier Sivesind. Han fortel at utvalet la det opp som ein diskusjon, og prøvde å ta det motsette synspunktet som intervjuobjektet for å få fram godt begrunna motargument.

­ Dette informerte vi intervjuobjekta om. Dersom dette vart oppfatta som om konklusjonen var klar før intervjua, er det feil. Vi var tvert imot svært interesserte i motforestillingar, hevdar Sivesind.

­ . Fagmiljøa må sjå det store potensialet som ligg i forholdet til sentera. Dersom evalueringa kan bidra til det, så har vi nådd eit viktig mål, påpeikar Sivesind.


Publisert 24. jan. 1996 21:08 - Sist endra 1. sep. 2014 12:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere