Usemje om evaluering


­ Motstanden mot den tidlegare universitetsdirektøren har blitt overført til det som er igjen etter han, mellom anna senteret vårt, hevdar senterleiar Hans Prydz ved Bioteknologisenteret i Oslo.

Senterleiar Hans Prydz meiner forhaldet til enkelte fakultet vanskeleggjer arbeidet ved senteret. (Foto: Eva C. Mortensen)

AV NILS H. HARNES

Eit utval har etter oppdrag frå kollegiet evaluert organiseringa av senteret, og går inn for å vidareføre senteret i fem nye år. Men evalueringa peikar på at ei negativ haldning frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet skaper vanskar for senteret. Utvalet meiner denne haldninga skuldast striden som oppstod rundt opprettinga av senteret. Evalueringa skal no ut på høyring.

­ Vi har nær kontakt med Det medisinske, Det odontologiske og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Det er berre odontologi og Farmasøytisk institutt som har vist positiv interesse for oss, seier Prydz. Han hevdar at hovudfagsstudentar frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har blitt nekta eller sterkt frårådd å ta hovudfaget sitt ved senteret og meiner det ligg kjenslemessige forhold bak. Prydz trur ikkje det er juridisk haldbart å nekte studentane å ta hovudfag ved senteret dersom vegleiarane er tidlegare godkjende.

­ Det enklaste hadde vore om fakulteta kunne seie at Bioteknologisenteret er her, og gjere det beste ut av det, seier Prydz.

AVVISER PåSTANDANE

Styrar Tordis Beate Øyen ved Biokjemisk institutt reagerer på kritikken.

­ Dette har ingenting med tidlegare forhold å gjere. Problemet er at statusen til senteret ikkje er avklart. Når eit senter vert oppretta ved å ta ressursar frå moderinstituttet, må det økonomiske ansvarsforholdet avklarast. Men utvalet hadde tydelegvis allereie før samtalane med meg som utgangspunkt at eg var misnøgd med opprettinga av senteret, seier Øyen.

I evalueringsrapporten står det at ho har sagt at forskarane som gjekk frå instituttet til senteret like gjerne kunne ha blitt igjen, og oppnådd det same der.

­ Dette har eg aldri sagt. Det er klart at forskarane har betre forhold ved senteret enn vi kan tilby dei, seier Øyen.

­ Men for det faglege miljøet ved instituttet ville det vore ynskjeleg om den aktiviteten som no er utplassert, kunne tilbakeførast.

Ho strekar under at Biokjemisk institutt aldri har nekta studentar å ta hovudfag ved senteret.

­ Vi har klare reglar å halde oss til ved slike søknader, seier Øyen.


Publisert 24. jan. 1996 21:08 - Sist endra 1. sep. 2014 12:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere