Trygdeombod frå hausten?


Instituttgruppe for samfunnsmedisinske fag har søkt Sosialdepartementet om 610 000 kroner til å starte eit prøveprosjekt med trygdeombod.

AV NILS H. HARNES

Tanken er å starte prosjektet allereie til hausten. Søknaden vert no vurdert i Sosialdepartementet.

­ Helsemeldinga ymtar frampå om eit behov for eit trygdeombod, seier professor Dag Bruusgaard ved Gruppe for trygdemedisin.

Bruusgaard viser til at det er vanskeleg å orientere seg om kva rettar brukarane har til trygd. Tanken er at trygdeombodet både skal gi rettleiing, og hjelpe trygdebrukarar som meiner seg urett behandla.

­ Det skjer lovendringar frå ein dag til ein annan, og det er ikkje lett å forutseie kva som vil kome, påpeiker Bruusgaard.

I Oslo er det allereie eit kommunalt helse- og sosialombod. Men dette ombodet er ikkje til hjelp for trygdespørsmål.

­ Trygda er statleg, og fell difor utanfor dette ombodet sitt ansvarsområde, seier Bruusgaard, som meiner det er viktig å gjere trygdelova lettare tilgjengeleg for brukarane. Trygdeombodet er tenkt samlokalisert med det kommunale helse- og sosialombodet i Oslo, men med heile landet som arbeidsområde.


Publisert 24. jan. 1996 21:08 - Sist endra 1. sep. 2014 12:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere