Senter for utvikling og miljø får kritikk


For lite original forsking, for lite internasjonal publisering og for dårleg kontakt med fagmiljøa ved universitetet. Senter for utvikling og miljø (SUM) får skarp kritikk i ei evaluering.

AV NILS H. HARNES

Ei evalueringsgruppe har etter oppdrag frå kollegiet sett på både den organisatoriske sida og forskingsaktiviteten ved senteret. Utvalet finn kritikkverdige forhold på ei rekkje punkt. Men utvalet tilrår at SUM held fram i fem nye år fordi dei meiner senteret no har kome inn i ei positiv utvikling. Evalueringa er ute til høyring ved fakulteta, og senteret sin lagnad vidare skal avgjerast i kollegiet denne våren. Leiinga ved SUM vil ikkje kommentere resultata på det noverande tidspunktet.

ORIGINAL FORSKING

Utvalet finn svært få arbeid som kan karakteriserast som original forsking. I evalueringa konstaterer utvalet at senteret «...har kommet kort når det gjelder forskning av god internasjonal kvalitet».

Også i det som utvalet kategoriserer som «Utredninger og oversiktspregede arbeider» er dei kritiske til SUM sin aktivitet. Utvalet har samanlikna aktiviteten ved senteret med Senter for utviklingsstudier i Bergen på dette området, og karakteriserer innslaget av utgreiingsoppdrag som lite.

MANGLANDE PåDRIVARROLLE

Rapporten seier også at det er svært få av publikasjonane ved senteret som viser bruk av innsikt og metode frå fleire fag. «Mangelen på samarbeid på tvers av fagene berører SUMs eksistensberettigelse på en alvorlig måte,» står det i rapporten.

Utvalet meiner også at SUM har forsømt si rolle som pådrivar for miljø og utviklingsspørsmål ved universitetet. Utvalet meiner derimot at senteret no har funne ein bra organisatorisk modell. Dette kan ifølgje evalueringa vere eit godt utgangspunkt for å løyse dei organisatoriske problema senteret tidlegare har hatt.


Publisert 24. jan. 1996 21:07 - Sist endra 1. sep. 2014 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere