Ord etter ord


- No har vi kome til ordet gigla. Dei fleste av redaktørane kjem til å bli pensjonistar på bokstaven k.

BT: Lars Vikør må ha tålmod når han skal leite seg fram i 3,5 millionar ordsetlar. (Foto: Eva C. Mortensen)

AV NILS H. HARNES

På Avdeling for leksikografi arbeider seks personar med Norsk Ordbok på heiltid. Arbeidet starta tidleg på 1930-talet, og nyleg kom det tredje bandet av den store ordboka. Dei to første kom i 1966 og 1978.

- Det er eit enormt arbeid, og det er ikkje lett å finne dekkjande definisjonar til alle orda, seier professor Lars Vikør. Han er i dag ansvarleg for arbeidet. Det meste av råmaterialet finn dei i det store setelarkivet. Det inneheld 3,5 millionar ord og uttrykk som er innsamla av folk frå heile landet. Innan 1998 håpar Vikør at setlane vil vere overførte til database, slik at arbeidet blir enklare for leksikografane. Men han kan ikkje seie når ordboka blir ferdig.

- Det einaste eg veit, er at det neppe blir i mi levetid, seier Vikør.

DøGNFLUGEORD

Hovudvekta i ordboka ligg på det tradisjonelle ordtilfanget frå nynorsk og norske dialektar.

- Dei fleste orda er frå tida etter 1850. Det dukkar dessutan stadig opp nye ord. Vi prøver å vurdere om dei er døgnfluger, eller om dei er komne for å bli. Då baserer vi oss på skjønn. Vi kan ikkje ta med alt, seier Vikør. - For å like dette arbeidet må du ha den rette legninga. Folk med lopper i blodet bør nok prøve noko anna.

Målgruppa for boka er aktive, bevisste språkfolk.

- Men boka er ganske kompakt framstilt, så ein bør nok ha ei viss trening i å bruke slike bøker for å få fullt utbytte, seier Vikør.


Publisert 24. jan. 1996 21:07 - Sist endra 1. sep. 2014 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere