Positivt for allergikarane


- Vi ser positivt på dette tiltaket. Dess mindre røyk, dess betre for allergikarane, seier bedriftssjukepleiar Sigurborg Oskarsdottir ved Helse-, miljø- og tryggingsavdelinga.

Oskarsdottir kan fortelje at problemet med allergi veks stadig.

- Arbeidet for eit røykfritt universitet er det viktigaste tiltaket som kan gjerast for innemiljøet. Det har ikkje noko for seg å arbeide med innemiljøet dersom vi ikkje fjernar sigarettrøyken først, meiner Oskarsdottir.

- I eit middels stort rom (20 kvadratmeter) vil berre ein sigarett gje ei forureining som er 2,5 gongar så stor som dei høgste verdiane i utelufta i Oslo sentrum, seier Oskarsdottir.

STORE PLAGER

Plagene av sigarettrøyk varierer frå irritasjon på slimhinner til astmaanfall.

- Dei same plagene får vi av kjemikaliar. Ingen ville godta eit laboratorium der kjemikaliane siv ut, seier Oskarsdottir. Men vinsten for allergikarane av at røykjeromma vert fjerna, kjem ifølgje Oskarsdottir an på plassering, og om romma har eigne ventilasjonssystem.

- I røykjedelen av SV-kantina er det til dømes laga eigen inngang. Det hjelper, seier Oskarsdottir. - Men dess mindre røyk, dess betre for miljøet, seier Oskarsdottir.


Publisert 24. jan. 1996 21:06 - Sist endra 1. sep. 2014 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere