- Slitsam kampanje


- Det er trist at dei ikkje har betre ting å bruke energien sin på, seier professor Karin Gundersen om forslaget frå arbeidsgruppa.

- Det nyttar visst ikkje å protestere, seier professor Karin Gundersen. (foto: Eva C. Mortensen)

Gundersen var aktiv i gruppa mot røykelova sist den var oppe i kollegiet. No er franskprofessoren deprimert over manglande forståing for røykjarane sin situasjon.

- I 1991 samla vi inn svært mange underskrifter mot forslaget, og dei fleste av dei som skreiv under, var ikkje-røykjarar. Men det ser ikkje ut til at det nyttar å protestere, seier Gundersen.

PRIVATLIVET

Gundersen meiner det er på sin plass å vurdere kor mykje leiinga skal gripe inn i privatlivet.

- Kva vil bli det neste påbodet, spør Gundersen. Ho synes kampanjen mot røyking er slitsam, og ho føler at røykjarane har ein håplaus kamp å kjempe.

- Eg synes røykjarane er disiplinerte og tek omsyn til ikkje-røykjarar. Men eg er einig i at det ikkje er pent med alle sigarettsneipane som har kome utanfor inngangane etter røykerestriksjonane, seier Gundersen. - Det problemet vil ikkje bli mindre når alle røykjarane skal stå utanfor inngangane, seier Gundersen, og lurer på korleis det vil bli mogeleg å handheve det nye regelverket.


Publisert 24. jan. 1996 21:06 - Sist endra 1. sep. 2014 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere