Røykjarane må ut i friluft


- Vi har ikkje tenkt å lage politistat. Å bøtleggje smugrøykjarar er ikkje aktuelt, seier personaldirektør Grethe Fjeld Heltne.

Røykjarane må finne alternative røykjerom i framtida. (Foto: Eva C. Mortensen)

AV NILS H. HARNES

Det har allereie skapt sterke reaksjonar at arbeidsgruppa for røykfritt universitet føreslår å stengje dei tilsette sine røykjerom frå neste år. Røykjeromma i kantinene skal stengjast innan 1998. Det betyr mange kjølige røykjepauser i friluft for røykjarane.

- Vi vil ikkje ta røyken frå nokon, og vi legg vekt på å ta vare på den personlege fridomen, seier Fjeld Heltne. Ho strekar under at arbeidsgruppa har vist respekt for både røykjarar og ikkje-røykjarar i dette arbeidet. Fjeld Heltne innrømmer likevel at avskaffinga av røykjeromma vil gjere det vanskelegare å vere røykjar. Men ho vil ikkje kommentere om ho synes synd på dei som må stå ute og røykje.

Men det blir neppe bøter til smugrøykjarar. Det synes Fjeld Heltne vil vere å gå for langt.

- Vi har ikkje tenkt å lage politistat. Men ved universitetet i Toronto får faktisk dei tilsette bøter dersom dei røykjer på arbeidsplassen, seier ho.

MANGE RøYKJARAR

Det er ei stor gruppe ved universitetet som røykjer dagleg. Ifølgje undersøkingar er 30 prosent av det teknisk/administrative personalet og 13 prosent av lærarane daglege røykjarar. 20 prosent av studentane røykjer dagleg.

- Vi vil at universitetet skal vere i fremste rekkje når det gjeld røykfritt miljø, seier Fjeld Heltne.

- Trur du ikkje dei tilsette sjølv er i stand til å vurdere sitt eige beste?

- Eg trur alle er klar over farane ved å røykje. Og vi vil på ingen måte blande oss inn i kva dei gjer utanom arbeidstida. Vår oppgåve er å betre arbeidsmiljøet ved universitetet, og det har allereie vorte mykje betre etter restriksjonane mot røyking, seier Fjeld Heltne.

Ho er ikkje redd for at det nye forslaget kan føre til meir røyking på kontora. - Eg reknar med at dei tilsette vil vere lojale overfor vedtaket som vert fatta.


Publisert 24. jan. 1996 21:06 - Sist endra 1. sep. 2014 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere