Norsk institutt i Paris?


Eldsjeler ved universitetet prøver å få til eit norsk institutt i Paris, og håper på sponsorstøtte frå næringslivet.

Illustrasjonsfoto.

AV NILS H. HARNES

Ideen om eit norsk institutt i Paris kom frå professor Arne Melberg ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap så seint som i fjor haust. Ei initiativgruppe har no arbeidd med saka i ein månad.

- Lite er klart enno, men vi treng 20-40 millionar frances til å kjøpe eit hus på mellom 500 og 1000 kvadratmeter sentralt i Paris, seier professor Karin Gundersen ved Klassisk og romansk institutt. Ho røper at dei allereie har eit 1700-tals hus i Saint Germain-området i kikkerten.

- Vi er heilt avhengige av sponsing sidan det neppe er mogeleg å få eit slikt institutt inn på statsbudsjettet, seier Gundersen. Målet er å få eit hus med åtte til ti forskarhyblar, og lokale til faglege fellesaktivitetar. Gundersen har god tru på at også dei andre universiteta vil vere med på prosjektet. Samstundes minner ho om at Noreg er det einaste landet i Skandinavia som ikkje har eit institutt i Paris.

- Det skal først og fremst vere eit institutt for humanistiske fag, men det betyr ikkje at andre forskarar er utelukka. Folk frå alle fagfelt kan bu der når dei er i Paris, seier Gundersen.

VIKTIG BY

Paris er ein heilt sentral by i Europa for mange forskarar.

- Ei rekkje av dei viktigaste musea og arkiva ligg der, og mange forskarar arbeider ofte i Paris og er knytta til franske forskingsmiljø. Det er dessutan viktig for biletet av Noreg utover at vi har eit institutt i denne byen. Vi vil få ei heilt anna tyngd internasjonalt, seier Gundersen. Ho trur eit slikt institutt vil skape ringverknader både for norsk kultur og næringsliv.


Publisert 24. jan. 1996 21:06 - Sist endra 1. sep. 2014 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere