Historie eige institutt igjen


- Institutt for kultur- og samfunnsfag vart for tungrodd og byråkratisk, og måtte delast, seier styrar Edgeir Benum ved Historisk institutt. Dekanus Bjarne Hodne seier dette ikkje er starten på fleire oppsplittingar ved fakultetet.

Styrar Edgeir Benum er godt nøgd med at historie har blitt eige institutt igjen. (Foto: Eva C. Mortensen)

AV NILS H. HARNES

Ved nyttår vart Institutt for kultur- og samfunnsfag delt opp i Historisk institutt og Institutt for kulturstudiar. Historisk institutt er dermed igjen eit sjølvstendig institutt, slik det var før instituttsamanslåinga ved fakultetet. Benum er godt nøgd med resultatet.

- Avdeling for historie var ei av seks avdelingar, men utgjorde halvparten av heile instituttet. Vi var så store at vi måtte byggje opp igjen ein del av den styringstrukturen som vart fjerna då vi slo oss saman. Dermed heldt vi på fleire måtar fram med å vere eit institutt, seier Benum. Han fortel at dette førte til eit ekstra organisasjonsnivå, og mange uformelle avklaringsmøte.

- Tidsramma for saker som skulle avgjerast, vart for lang og utfallet for usikkert. Dermed vart det lite freistande å prøve nye ting. Vi måtte forholde oss til både avdelings-, institutt-, fakultets- og universitetsnivå, seier Benum.

Benum legg ikkje skjul på at det også har vore personlege konfliktar inne i biletet.

- Men eg trur ikkje det var avgjerande. Eg har konsentrert meg om dei strukturelle problema, seier Benum, og legg til at det var eit problem med så mange og så ulike fag innanfor eitt institutt.

- Store institutt fungerer betre dersom avdelingane er jamnstore, meiner Benum. BERRE EI JUSTERING

Dekanus Bjarne Hodne ved Det historisk-filosofiske fakultet ser på denne oppdelinga som ei justering av ein større omleggingsprosess.

- Historisk institutt har sterke tradisjonar som sjølvstendig institutt, og det gjorde det vanskeleg å gå opp i ei større eining, seier Hodne. Men han trur at situasjonen kunne ha vore ein annan dersom Institutt for kultur og samfunnsfag hadde vore samlokalisert.

- No trur eg instituttsituasjonen vil falle til ro, og eg kan ikkje sjå noko grunnlag for nye splittingar, seier Hodne. Han synes samanslåingane av institutta i all hovudsak har vore vellukka, og at den har hatt ein positiv effekt på fakultetet.

- Einingane er no betre i stand til å møte dei krava som vert stilt til eit institutt, seier Hodne.


Publisert 24. jan. 1996 21:06 - Sist endra 1. sep. 2014 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere