Lønnsnivået for professorar

Det er med professorlønningar som med veret. Alle snakkar om dei, men ingen gjer noko med dei. Professorane er blitt den store taparen i den lønnsstrategien Forskerforbundet har stått for dei siste 10 åra. Når så heller ikkje dei andre fagforeiningane ved universitetet har synt særleg interesse for denne gruppa, gjev resultatet seg sjølv: Professorane sakkar akterut, både samanlikna med andre grupper i staten, og samanlikna med dei administrative leiarstillingane ved universitetet.

Årsaka til at professorane er blitt sitjande att med svarteper i tariffsamanheng, er at Forskerforbundet gjennom lang tid har ført ein relativt suksessrik politikk for dei andre kategoriane av fast vitskapleg tilsette. Midt på 80-talet kom oppnormeringa av dosent-stillingane til professorar (rett nok til ein lønnsmessig 2. divisjon). Frå 1993 blei så ordninga med kompetanseopprykk for professorar innførd, og opna såleis ein karriereveg for flittige førsteamanuensar.

At både dosentar og fortente førsteamanuensar har fått snarveg til professorstatus, har i sin tur ført til at gruppa totalt sett er blitt så stor at lønnsopprykk som omfattar heile gruppa, blir svært dyre. Administrasjonsdepartementet er visst nok ikkje uviljug til å gjere framlegg om ei generell heving av lønnsnivået for heile professorsjiktet. Men KUF held attende, av økonomiske grunnar.

Ein annan viktig grunn til at det skjer så lite med professorlønna, er at AF, som Forskerforbundet er ein del av, har som strategisk linje at mest mogeleg av tarifftillegga skal skje i lokale forhandlingar, basert på individuelle vurderingar. Dette er ein strategi som blir delt av store deler av det administrative toppsjiktet ved universitetet. Strategien går i kortheit ut på å oppgradere dei lokale forhandlingane. På den eine sida er dette forståeleg. Lokale forhandlingar basert på individuelle vurderingar styrkjer arbeidsgjevarsida sitt høve til å påverke. På den andre sida er det eit faktum at slik som desse forhandlingane fungerer i dag, så er dei midlane som blir avsett til lokale forhandlingar i dei sentrale oppgjera, så små at det ikkje er mogeleg å bruke dei i noko effektivt lønnsstrategisk arbeid. Resultatet blir at dei blir smurde tynt ut over så mange tilsette som mogeleg, og tillegga blir deretter, stort sett av kosmetisk art.

Det er faktisk berre ei gruppe som kan ha glede av dei lokale forhandlingane, slik dei blir førde i dag. Den eine gruppa er dei administrative leiarane. Dei utgjer ei gruppe som er så liten at den einskilde kan forvente seg opprykk i ein frekvens som over tid kan føre til generell lønnsbetring i høve til andre grupper. For professorgruppa er situasjonen den motsette. Denne gruppa er så stor at det vil gå mange år før ein som har fått opprykk ein gong, kan forvente eitt nytt. Med ein gjennomsnittleg opprykkstakt på eit lønnstrinn seier det seg sjølv at noko generell heving av lønnsnivået i gruppa som heilskap, er nærast eit hundreårsprosjekt.

(Det er og sterk motstand blant vitskapleg tillitsvalde på institutt- og fakultetsnivå mot den individuelle kvalitetsvurderinga av vitskaplege toppstillingar som i dag er rettesnora for dei lokale forhandlingane, men det skal eg la ligge her.)

Saka blir sett på spissen i det arbeidet som no blir gjort for å løyse rekrutterings- og avgangsproblem ved deler av Det juridiske fakultet. Strategien er å gje professorane der eit lønnsopprykk på 90 000 kroner i ein 3-trinnsprosess. Kollegiet har alt avsett ein halv million som skal brukast i første lokale lønnsoppgjer for å gjennomføre første trinn i opptrappinga.

Dette er for det første ein usikker prosess. Det føreset at alle fagforeiningane er einige om at desse pengane stort sett urørde bør gå til dei nemnde professorane. For det andre vil det bety at det i den kommande tida, kanskje i dei kommande åra, blir svært lite å hente for andre professorar, som og kan ha gode arbeidsmarkedsrelaterte grunnar for å kreve lønnsauke fordi lønnsauken til jus-professorane vil ete opp det som professorgruppa rimeleg kan forvente å få etter ei pro-rata-fordeling av forhandlingspotten.

NTL og LUHF er så vidt eg veit no båe innstilte på at det må takast eit lønnsmessig krafttak for professorgruppa. NTL, som også har ein god del medlemmer i professorgruppa, har teke opp problema med forbundet sitt. Kravet er at det i hovudtariffavtalen blir gjort justeringar som omhandlar heile professorgruppa. På den måten kan ein i eitt slag få gjort noko som monnar, i staden for år etter år å oppleve at professorgruppa reiser av garde med brorparten av den vesle lokale forhandlingspotten, utan at det får noko nemnande lønnsmessig verknad for gruppa som heilskap. Det er viktig at også Forskerforbundet og universitetsleiinga stør opp under ein slik strategi. Då kan vi kanskje alt i tariffoppgjeret til våren oppnå positive resultat. Dersom alle partar sluttar å ri tariffpolitiske kjepphestar og konsentrerer seg om dette, kan det skapast eit klima der også KUF må gje etter for kravet om ei høgst overmoden tariffregulering for professorane.

Narve Trædal

tekn.adm. representant i Kollegierådet


Publisert 24. jan. 1996 21:05 - Sist endra 1. sep. 2014 12:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere