Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Universitetet i Oslo er blitt saksøkt av to personar som meiner dei har krav på fast stilling etter stipendiatperioden. Dette er eit meiningslaust krav, og me forstår godt at UiO protesterer.
Dagens rektorat lovde at UiO skulle bli endå meir synlege i media om dei fekk styra universitetet. Nesten eitt år etter ser det ut til at dei har lykkast med det.
Eit nytt Kulturhistorisk museum blir truleg bygd på Bygdøy. Det er klart etter at dei siste analysane av trafikken og av sikringa av vikingskipa viser at det let seg gjera. Me meiner at det er den beste løysinga både for vikingskipa, for publikum, for Universitetet i Oslo og for Oslo by.
Nokre fagmiljø ser ut til å tru at satsinga på internasjonalisering vil seia at det er fritt fram å annonsera ledige stillingar på engelsk i norske aviser. Dette er misforstått internasjonalisering.
Programserien ”Hjernevask” har på godt og vond fått fart på forskingsdebatten i Noreg. Og då handlar det ikkje om pengar, men om forholdet mellom ulike forskingsdisiplinar. Dermed har Eia-debatten gitt opphavsmannen Harald Eia ein plass i ”forskingshistoria”.
I Noreg er akademisk fridom blitt lovfesta. Også i USA og i dei fleste andre demokratiske land er det berebjelken i rettane til alle vitskaplege tilsette.Uniforum meiner det også bør inn som ein kategori i dei internasjonale rangeringane av universiteta.
Jusstudentane skal ha honnør for at dei set menneskerettane i Iran på dagsordenen igjen. Det viser at det internasjonale engasjementet absolutt lever mellom dagens studentar.
Behovet for formidling blir i stor grad underkommunisert i utkastet til Strategisk plan 2010-2020. I endå større grad blir innovasjon overkommunisert.
Samarbeidsproblema kan i verste høve ha gått ut over i kva grad rektoratet hadde høve til å markera Universitetet i Oslos interesser overfor dei løyvande styresmaktene og i samfunnsdebatten.
På klimatoppmøtet i København skal Noregs statsminister Jens Stoltenberg halda fram med den kunsten det er å framstilla ein av verdas største oljeeksportørar som eit av dei landa i verda som gjer mest for å redda klimaet.
I dagens Uniforum kan me lesa at teologidekan Trygve Wyller og jusdekan Hans Petter Graver går imot at muslimske studentar skal få leiga eit større lokale til fredagsbønna.
Universitetsleiinga skal ha honnør for å ha vist vilje til å setja i verk naudsynte tiltak for å rydda opp i arbeidsmiljøet på laboratoria til Universitetet i Oslo, meiner Uniforum.
Statsminister Jens Stoltenberg avslørte den nye regjeringa si denne veka. Til stor overrasking for mange held Tora Aasland fram som minister for høgare utdanning og forsking. Det synest me er eit godt val av statsministeren.
Universitetet bør strekkja ut ei hand og hjelpa Baroniet Rosendal opp den økonomiske motbakken det er i akkurat no. Det vil gi UiO eit godt omdøme både lokalt og nasjonalt, skriv Uniforum på leiarplass.
Forskingsmeldinga ”Klima for forsking” blei klubba gjennnom i Stortinget på forsommaren med få personar på tilhøyrarbenken. Den gjekk rett og slett hus forbi, både hos journalistar og andre som ikkje var direkte engasjert i forsking og forskingspolitikk.
Regjeringa har lansert ein strategi for samarbeidet mellom Noreg og India. Og denne gongen blir det ikkje industrilandet Noreg som yter hjelp til utviklingslandet India, som til dømes var tilfellet med Noregs aller første U-hjelpsprosjekt i Kerala i India.
Den 14. september avgjer dei norske veljarane kva parti som skal styra Noreg dei komande fire åra. 220 000 av dei er studentar, og endå fleire vil vera tidlegare studentar, som i dag arbeider utanfor og innanfor akademia. Det store fleirtalet av dei vil sjå fordelane med ei regjering som vil satsa pengar på forsking og høgare utdanning.
Kulturminister Trond Giske prøver å teikna om heile museumskartet i Oslo. I første omgang handlar det om Munch-museet, Stenersen-museet og Nasjonalmuseet. Men både Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum er i høgste grad med i den museumskabalen som kulturministeren og regjeringa prøver å få til å gå opp.
Me sluttar oss til kritikken mot forskingsmeldinga "Klima for forskning" frå UiO-rektor Geir Ellingsrud: Humaniora og samfunnsfaga er stemoderleg behandla i denne meldinga.
Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved UiO med 65 prosent av røystene. Me gratulerer han med sigeren og ynskjer lykke til med dei store utfordringane som ventar på han, når han tar til i vervet 1. august. Samtidig vil me gi ros til teologidekan Trygve Wyller som stilte opp som motkandidat og som fekk 35 prosent av røystene.
Denne veka møter rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve E. Wyller kvarandre i dei siste og kanskje avgjerande rektorvaldebattane. I dei debattane som har gått av stabelen så langt, har begge kandidatane vist seg som svært taleføre.
120 personar av 6000 tilsette og 28 000 studentar kom på rektorvaldebatten mellom Trygve Wyller og Ole Petter Ottersen denne veka. Det er for dårleg når den verbale duellen er lagt til eit tidsrom innanfor vanleg arbeidstid.
Det aller viktigaste er at det no blir ein reell rektorvalkamp fram til valdagane frå 31. mars til 2. april. Då får dei to rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve Wyller høve til å fortelja kva slags universitet dei ynskjer at Universitetet i Oslo skal vera.
Ingen lag er så gode at dei ikkje fortener konkurranse. Rektorkandidat-laget til Ole Petter Ottersen bør difor få minst eit anna rektorteam med eit heilt anna valprogram til å bryna seg på under rektorvalet.