LEIAR: UiO-tilsette må bruka stemmeretten!

Valstyret og UiO sentralt bør læra til neste styreval, og ikkje leggja debattmøtet til ein dag midt under valet. Då vil det bli lettare tidleg å setja seg inn i kva dei ulike kandidatane står for.

Ein bygning i sentrum med sola som spotlight

STEM! Alle UiO-tilsette må bruka stemmeretten sin under valet på nytt universitetsstyre, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Martin Toft/Uniforum

Denne veka opna valet som vil avgjera kven som skal få fire av dei 11 plassane i Universitetsstyret.  Den eine valde plassen er det for lengst klart går til attvald rektor Svein Stølen. Dei seks andre går til fire eksterne representantar og to studentrepresentantar.

Denne gongen stiller det mange kandidatar i styrevalet. Dei fast vitskaplege tilsette har seks kandidatar å velja mellom, dei teknisk-administrative har fem, medan dei mellombels vitskaplege tilsette har fire kandidatar.

Alle kandidatane står for viktige verdiar og prinsipp, og dei er einige om kor viktig det er med både vald rektor og val av leiarar på alle plan i universitetsdemokratiet. Der nokre av dei skil lag, er synet på todelt leiing på Universitetet i Oslo nivå 2 og 3, altså om dekanar og  instituttleiarar også skal vera administrative leiarar i tillegg til å vera øvste ansvarlege for forskinga som går føre seg på eit fakultet eller eit institutt.  Andre meiner at dei sentrale satsingane ikkje alltid kjem dei beste fagmiljøa til gode.

Og denne veka har styrekandidat Jan Helge Solbakk fått fleire svar frå dei andre kandidatane i Uniforum etter at han utfordra dei til å svara på kvifor dei var for todelt leiing på toppnivå, men ikkje lenger nede i systemet.  Og så blei ordvekslinga utvida til også å gjelda korleis dei skal få rekruttert fleire kvinner inn i faste vitskaplege stillingar. Den debatten går føre seg framleis.

Så langt har det vore Uniforum og valplattformene til kandidatane som har vore kjelder for kva dei ulike kandidatane står for. Først onsdag 2. juni går det første og einaste offisielle valmøtet av stabelen, på den tredje dagen av valet.  Det er altfor seint. Ideelt sett burde valmøtet ha blitt arrangert like etter at alle kandidatane var klare, det vil seia i førre veke. Då hadde valmøtet i alle fall blitt avvikla før valet startar.  

No kan folk stemma på kandidaten sin før vedkomande eventuelt seier noko dei er ueinige i på valmøtet og som får dei til å ombestemma seg. Sidan det er eit elektronisk val, er det heller lett å endra den første stemmegivinga, og gi stemma til ein annan kandidat. Spørsmålet er kor mange som orkar å gå inn for å stemma på nytt, sjølv om det er ein svært enkel prosedyre å få gjort det. Valstyret og UiO sentralt bør læra av det til neste styreval, og ikkje leggja debattmøtet til ein dag midt under valet. Då vil det bli lettare tidleg å setja seg inn i kva dei ulike kandidatane står for.

Det viktigaste for alle på Universitetet i Oslo no er å slå ring om universitetsdemokratiet. Den beste måten å gjera det på er å ta i bruk stemmeretten og stemma på den kandidaten ein vil han inn i Universitetsstyret. Valet held på fram til og med 7. juni. Godt val!

 

Emneord: Universitetsstyrevalget 2021 Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 1. juni 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere