LEIAR: UiO bør visa fram det fleirkulturelle mangfaldet under rektorvalet i 2021

Å ha med rektorlag som viser det fleirkulturelle mangfaldet på UiO under rektorvalet i 2021, vil visa eit universitet som er opptatt av å fornya seg, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FORTENER HEIDER: Styremedlem Rahwa Tilahun Yohaness og dei andre i African Student Association ved UiO fortener heider frå UiO for å ha tatt initiativet tilein aksjon mot politivald og rasisme i Noreg,i USA og i  resten av verda, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Foto: Martin Toft

Fredag den 5. juni demonstrerte over 7000 personar mot politivald og rasisme i Oslos gater. Bakgrunnen var drapet på afroamerikanske George Floyd i Minneapolis, som fire politimenn stod bak. Demonstrasjonen blei fylgt opp av liknande markeringar ander stader i landet, blant anna  i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø.

I Oslo blei initiativet til demonstrasjonen tatt av African Student Association ved Universitetet i Oslo. Det skjedde midt under avstandsrestriksjonane på grunn av koronapandemien.  På under ei veke klarte dei å formidla korleis dei ville markera motstanden mot politivald og rasisme, og mange tusen melde ifrå på sosiale media om at dei ville delta. 

Under markeringa stilte over 7 000 personar opp i Oslo sentrum, sjølv om African Student Assosication og samarbeidspartnarane deira understreka at  berre 50 av dei hadde  fått løyve til å ha status som offisielle demonstrantar. Det blei likevel ei flott markering som viste kor viktig det er å halda fram kampen mot rasisme både i politiet og i andre delar av samfunnet. Både styremedlem  Rahwa Tilahun Yohaness og dei andre initiativtakarane viste at svarte menneske er blitt både trakasserte og endåtil drepne i politiets varetekt, også i Noreg.

Det er nok å visa til Obiora- saka frå Trondheim, 7. september 2006. Då døydde Eugene Ejike Obiora etter at politiet hadde lagt han på magen under ein arrestasjon. Sivilombodsmannen gav justis- og politistyresmaktene beinhard kritikk etterpå og viste til at dei hadde brote artikkel 2 i den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Fleire stader er folk med mørkare hud enn gjennomsnittsnordmannen blitt  synlegare i samfunnet i dag enn for 15-20 år sidan. Noregs A-landslag i fotball har og har hatt spelarar med ein eller fleire av foreldra frå Afrika, Asia eller USA, og det same har friidrettslandslaget. 

I NRK og TV 2 er det også fleire programleiarar med liknande bakgrunn med både Oslo-dialekt, Vestlandsdialekt, Bergensdialekt, Trønderdialekt og dialektar frå Nord-Noreg og Sørlandet. Også blant norske musikarar har mange foreldre frå andre delar av verda. Det er nok å nemna Madcon, Karpe og Hkeem som gode døme på det. Og blant komikarar har me Jonis Josef med Kongen av Gulset og Yousef Hadaoui som leier programmet Svart humor på NRK. Noreg har for andre gong også ein kulturminister med foreldre frå Pakistan.

Og korleis er så situasjonen i akademia og på UiO?

I Aftenposten kjem  dei to forskarane  Ronald Mayora Synnes og Helen Karen Eriksen frå Universitetet i Agder med kraftig kritikk av UiO og skriv at institusjonen ikkje har  vist vilje til å tilsetja folk med utanlandsk bakgrunn.

Dagen etter slår rektor Svein Stølen kraftig tilbake og viser til at dette er udokumenterte påstandar. Samtidig trekkjer han fram at på UiO har tre av HFs sju instituttleiarar utanlandsk pass, medan 22 av dei 44 sist tilsette førsteamanuensane på MN alle er utanlandske statsborgarar.  Og 30 prosent av dei vitskaplege tilsette på Det juridiske fakultetet har mastergrad frå universitet utanfor Noreg, peikar han på. 

Svein Stølen viser også til at UiO gjer det som institusjonen maktar for å kjempa mot både rasisme, trakassering og diskriminering på grunnlag av hudfarge, funksjonsevne, religion, kjønn og seksuell legning. Han ser at det likevel finst tilfelle av rasisme, både i det norske samfunnet og på UiO. 

UiO-rektoren viser dessutan til at han på vegner av UiO allereie 2. juni skreiv ei twitter-melding på engelsk om kor sjokkert han og UiO var over politibrutaliteten og drapet på George Floyd i Minneapolis. UiO lovar å kjempa mot både rasisme og trakassering, skreiv han. 

Bodskapen var veldig bra. Likevel trur me ikkje at ei twittermelding når fram til alle studentar på UiO som føler at dei er utsette for rasisme.  Derfor burde Svein Stølen også ha tatt temaet opp i eit blogginnlegg for å visa kor viktig det er for rektoratet å slå ned på alle typar rasisme. Det vil ikkje seia det same som at dei vil støtta ein massedemomstrasjon i strid med avstandsreglane til dei norske styresmaktene, men at dei støttar kampen mot politvald og rasisme både i Noreg, i USA og i resten av verda. 

Dei som kan visa til korleis det er å vera student med afrikansk bakgrunn på UiO, er nettopp studentforeininga African Student Association ved Universitetet i Oslo. Det er dei som har klart å få heile Noreg til å sjå  at «Black lives matter», altså  at svarte liv har verdi.  Me vil difor føreslå at UiO heidrar den organisasjonen og alle andre studentar som føler seg utsette for rasisme eller diskriminering på tre måtar:

Den første måten er at representantar for UiO-leiinga kan ta kontakt med dei og uttrykkja kor viktig arbeid dei har gjort  ved å ha tatt initiativet til ein aksjon mot politivald og rasisme i Noreg, i USA og i resten av verda. 

Den andre måten heile UiO-samfunnet kan visa det på, er gjennom å løfta fram endå fleire godt kvalifiserte folk med utanlandsk bakgrunn ved å tilsetja fleire av dei i leiarstillingar på universitetet.

Og den tredje måten alle studentar og tilsette på UiO kan visa det på, er å sørgja for å setja saman rektorlag som viser det fleirkulturelle mangfaldet på UiO under rektorvalet i 2021. Me er heilt sikre på at det vil kunna verta eit bilete på  eit universitet som er opptatt av å fornya seg og bruka alle menneskelege ressursar på ein best mogleg måte til fordel for samfunnet og for universitetet.

 

Emneord: rasisme, trakassering, mangfold Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 26. juni 2020 12:00 - Sist endra 26. juni 2020 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere