LEIAR: UiO må heidra vitskapspioneren Victor Moritz Goldschmidt

Kanskje det kan vera ein idé for UiO å ha ei markering av den store vitskapsmannen Victor Moritz Goldschmidt den  26. november neste år, som ein gest overfor han som slapp unna dei tyske dødsleirane, og for å kunna minnast dei som ikkje gjorde det. Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Eit bilete frå 1930-talet viser ein geologiprofessor på ekskursjon med studentar

FORTENER HEIDER: Professor Goldschmidt held geologhammaren og snakkar til ekskursjonsdeltakarar. No fortener den berømte vitskapspioneren eit minnesmerke på UiO, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Foto: Johannes A. Dons /Universitetshistorisk fotobase, UiO

For rundt ein månad sidan fortalde forskning.no om kor dårleg minnet om den verdsberømte forskaren Victor Moritz Goldschmidt var blitt tatt vare på av arbeidsgjevaren hans, Universitetet i Oslo.73 år etter at han døydde hadde han enda opp i ei umerka grav på Vestre Gravlund i Oslo. Samtidig hadde pynteurnene etter han og foreldra hamna bak ein radiator i Geologisk museum.

Etter at artikkelen også blei publisert i Uniforum, kom det forslag i kommentarfeltet vårt om at UiO burde æra han med eit minnesmerke på Naturhistorisk museum eller på Blindern. Det er eit forslag som me støttar. Og akkurat dagen i dag var ein skjebnedag for Victor Moritz Goldschmidt.

For den 26. november 1942 stod vitskapsmannen Victor Moritz Goldschmidt i køen av passasjerar som skulle til Tyskland med fangeskipet Donau. Brått blei namnet hans ropt ut av køen. Noreg hadde bruk for han som leiar for Statens Råstofflaboratorium på Tøyen. Slik slapp mannen med jødiske foreldre unna ein sikker død i ein av Adolf Hitlers konsentrasjonsleirar. 

Dermed kunne Victor Moritz Goldschmidt (1888-1947), som var inspirasjonskjelde for Nobelprisvinnaren i kjemi, Odd Hassel, halda fram i jobben som leiar for Statens Råstofflaboratorium. Sjølv om han unngjekk dei tyske dødsleirane og var ein verdsberømt forskar utanfor Noreg, har han halde på å gå i gløymeboka på Universitetet i Oslo. Det fortel vitskapshistorikaren Robert Marc Friedman i ein artikkel i forskning.no, som også blei publisert i Uniforum 28. oktober i år. Professor emeritus Friedmann var i 20 år professor ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske fag (IAKH) på UiO. 

Føreslått som kandidat til Nobelprisen i kjemi

Før Goldschmidt blei med i leiinga for Statens Råstofflaboratorium, var han leiar for Mineralogisk institutt. Det var blitt oppretta spesielt for han av universitetets første valde rektor Waldemar Christopher Brøgger. Han var nemleg redd for at den 26 år gamle professoren skulle bli rekruttert av utanlandske universitetet, om han ikkje hadde fått fast stilling på Noregs einaste universitet. Goldschmidt tok likevel imot ei stilling ved universitetet i Göttingen, men fire år seinare vende han tilbake til UiO etter at trakasseringa og forfylginga av akademikarar med jødisk bakgrunn hadde begynt.

I følgje professor Reidar Trønnes på Naturhistorisk museum, blei Goldschmidt rekna som ein føregangsmann i faget geokjemi fordi han forstod korleis ulike materialar tok opp forskjellige grunnstoff. Vitskapshistorikaren Robert Marc Friedman ved UiO har granska livshistoria til denne vitskapsmannen,  og han fortel at han bygde opp eit forskingssenter som fekk namnet Tøyen-skulen, på linje med Vilhelm Bjerknes’ Bergensskule i meteorologi. Goldschmidt blei fleire gonger også føreslått som kandidat til Nobelprisen i kjemi. UiO-historikar Friedman fortel at då Odd Hassel (1897-1981) fekk Nobelprisen i kjemi i 1969, uttalte han at det var Goldschmidt som skulle ha hatt den.

Pynteurner bak ein radiator på Geologisk museum

Etter at Goldschmidt døydde i 1947 kom det største bidraget hans til norsk industri. Då starta olivinindustrien opp på Sunnmøre, går det fram av artikkelen i forsking.no  

Då han døydde blei aska hans lagt i ei urne han sjølv hadde laga av olivin. Frå før hadde også aska etter foreldra hans blitt lagt i to andre sjølvlaga olivinurner. Lenge var dei plasserte i kapellet ved Vestre krematorium i Oslo. Førti år seinare gjorde dei ansvarlege på Vestre Gravlund UiO merksam på at dei ikkje lenger kunne ha urner i kapellet. På grunn av ny lovgjeving måtte også urner gravleggjast. Sidan Goldschmidt ikkje hadde etterkomarar blei UiO i rekna som næraste pårørande.  Men universitetet ville ikkje ta på seg ansvaret for å finna ein gravplass og setja opp ein gravstein for han. Dermed hamna pynteurnene bak ein radiator på Geologisk museum, medan askseurnene enda opp i ei umerka grav i Oslo.

Eit minnesmerke i Botanisk hage eller på Blindern

I dag finst det altså ikkje noko minnesmerke over Goldschmidt på Universitetet i Oslo.  Mannen han inspirerte, Nobelprisvinnaren i kjemi Odd Hassel har nyleg fått eit blått skilt ved hovudinngangen til Kjemibygningen der han jobba dei siste arbeidsåra sine. Det har blant andre også Nobelprisvinnar i økonomi Ragnar Frisch og biologipioneren Kristine Bonnevie fått. Med den innsatsen Goldschmidt gjorde for Universitetet i Oslo, for forskinga og for studentane sine, bør han også få eit blått skilt, helst i bygningen der han jobba, Geologisk museum som i dag er ein del av Naturhistorisk museum på Tøyen. Eit minnesmerke i Botanisk hage eller på Blindern kan også vera ein måte å minna denne verdsberømte forskaren på.

Kanskje det kan vera ein idé for UiO å ha ei markering av denne store vitskapsmannen 26. november neste år som ein gest overfor han som slapp unna dei tyske dødsleirane, og for å kunna minnast dei som ikkje gjorde det. Me oppfordrar universitetsleiinga til å ta eit initiativ til at dette blir gjort. Det har Victor Moritz Goldschmidt fortent.

(Oppdatert 27. november med institutttilknytinga til Robert Marc Friedman)

Emneord: Universitetshistorie, Naturhistorisk museum Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 26. nov. 2020 14:08 - Sist endra 3. des. 2020 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere