UNIFORUM MEINER: Ytringsfridomen må vernast mot åtaka frå autoritære statsleiarar

Demonstrantane i Hongkong kjempar for ytringsfridomen, menneskerettane og demokratiske rettar. I den kampen bør dei få all mogleg støtte både frå Universitetet i Oslo og frå den norske regjeringa, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Folk demonstrerer under paraplyar i Hongkong

BØR FÅ STØTTE: Demonstrantane i Hongkong har brukt paraplyar som symbol. Dei kjempar for ytringsfridom og demokratiske rettar. Dei bør få støtte både frå  Universitetet i Oslo og frå den norske regjeringa, skriv Uniforum-redaktør-Martin Toft.

Foto: Etan Liam/FlickR

Denne månaden demonstrerer studentar, akademikarar og andre grupper for ytringsfridom, demokrati og økonomisk rettferd både i Libanon, Hongkong, Irak, Iran, India, Chile, Bolivia og Ecuador. For ikkje lenge sidan var også demonstrantar ute på gatene i Nicaragua, Venezuela og i Russland. Alle stader kjempar dei for å betra levekåra sine, men også for retten til ytringsfridom, akademisk fridom og for respekt for menneskerettane. Alle vil ha meir rettferdige samfunn der helse- og utdanningstilbodet ikkje er avhengig av kva inntekt foreldra dine eller du sjølv har.

Av same grunn marsjerte dei gule vestane i Frankrike, landet som er opphavet til slagordet «fridom, likskap og brorskap.»  Dessverre har landet som ein gong var kjent for at samfunnet skulle vera mest mogleg egalitært, blitt eit klassesamfunn på linje med Storbritannia der kva skular og universitet du har gått på, avgjer yrkeskarrieren din. Samanlikna med område som Hongkong, Chile, Iran, Irak, India og Bolivia har demokratiet og velferdsstaten likevel gode kår i Frankrike.

Målet må vera at den demokratiske øya Hongkong i Kina, skal vera ein demokratisk modell for fastlands-Kina

I Hongkong har unge studentar og eldre støttespelarar halde det gåande med demonstrasjonar heilt sidan i juni i år. Dei siste vekene har nokre av demonstrantane tydd til vald mot politiet etter at dei stod bak fleire valdelege aksjonar mot studentane. Kravet til demonstrantane er at den lokale Hongkong-regjeringa legg heilt dødt forslaget om å innføra ei lov som vil gjera det mogleg å utvisa lovbrytarar til Kina og utsetja dei for kinesisk lov og dom. Dei ynskjer også meir demokrati og fridom i Hongkong.

Til no har ikkje Kina gått så langt i å slå ned demonstrantane som dei gjorde under demonstrasjonane på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. Då blei truleg fleire tusen av dei massakrerte då militæret slo ned det gryande opprøret. Også demonstrantane i Hongkong kjempar for ytringsfridomen, menneskerettane og demokratiske rettar.

I den kampen bør dei få all mogleg støtte både frå Universitetet i Oslo og frå den norske regjeringa. Målet må vera at den demokratiske øya Hongkong i Kina, skal vera ein demokratisk modell for fastlands-Kina. Ingen er tent med at det blir omvendt.

På same måte må me også støtta kampen til demonstrantane i Libanon, Iran og Irak. Dei krev ikkje noko anna enn det som me tar som heilt sjølvsagde ting i Vesten, ytringsfridom, akademisk fridom og retten til eit liv utan svolt og fattigdom.

I India har dei eit demokrati, men med stor urettferd mellom klassane og kastane. Når studentane no protesterer mot at husleiga for studentbustadene blir sett opp, har dei heilt rett i at dette kan føra til at berre studentar frå familiar med god råd, vil få sjansen til å studera i India. Lik rett til utdanning for alle er eit rimeleg krav.

Derfor er det all grunn til å støtta demonstrantane i Chile også i den kampen dei fører mot økonomisk urettferd

Også på den andre sida av Atlanterhavet demonstrerer studentar side om side med vanlege folk. I Chile har dei halde på i over ein månad. Ein protest mot hevinga av prisen på T-bana utvikla seg til å bli demonstrasjonar og til slutt ein generalstreik mot eit gjennomført urettferdig samfunn. Der er nesten alt privatisert, frå vassverket til sjukehusa, frå motorvegane til telefonselskapa. Dei aller beste skulane og universiteta er også private.

Mange av desse tilboda er nettopp derfor berre tilgjengelege for dei med pengar. Ein av dei som har mest av det, er president Sebastian Piñera som er Chiles rikaste mann. Som så mange frå sin eigen klasse, ser han ikkje at dei mindre heldige innbyggjarane i landet slit. Derfor er det all grunn til å støtta demonstrantane i Chile også i den kampen dei fører mot økonomisk urettferd, ultraliberal marknadsøkonomi og mot vald frå politi og militære. Også studentar og andre som kjempar for at ytringfridomen, sosial rettferd og andre menneskerettar blir respekterte i Nicaragua, Venezuela og i Russland, får vår støtte.

Grensa går ved dei tilfella der det blir brukt vald mot dei som skal prøva å halda lov og orden. Det kan me ikkje akseptera, akkurat som me ikkje kan akseptera at politi og militære brukar vald mot fredelege demonstrantar.

30 år etter at Berlinmuren fall, er det viktig å vera merksam på at det framleis finst mange murar mellom menneska. Det er murar som fattigdom og urettferd har skapt mellom land og mellom personar. For at også dei skal falla, er det viktig med demokratiske rettar og fridom.

Det er det desse demonstrantane har til felles. Og derfor må me støtta dei.

 

Emneord: Menneskerrettar, Akademisk frihet, Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 28. nov. 2019 10:03 - Sist endra 1. des. 2019 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere