Ein rett dom

Det var korrekt av Universitetet i Stavanger å gi Nils Rune Langeland sparken, men dei burde ha gripe tak i rusproblema til Langeland langt tidlegare og ikkje ha late saka liggja og skura gjennom mange år, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft.

GRUNNLAG FOR ANKE: Kritikken som retten kjem med mot staten v/Kunnskapsdepartementet,gjer likevel at det kan vera grunnlag for ein anke frå den tapande parten i denne saka, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarkommentaren. I forgrunnen sit  Nils Rune Langeland som gjekk til sak mot staten etter at han fekk sparken frå jobben som historieprofessor ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Helene Lindqvist

Universitetet i Stavanger hadde gyldig grunn til å seia opp historieprofessor Nils Rune Langeland fordi han trass i skriftleg åtvaring gjentatt har krenkt tenestepliktene sine. Det går fram av den samrøystes dommen frå Oslo tingrett, som var klar i går.

Det var korrekt av Universitetet i Stavanger å gi Nils Rune Langeland sparken. Ein tilsett som møter opp full på jobben og også i offisielle samanhengar der han representerer arbeidsgjevaren, må forstå at det ikkje går an i lengda. Når Langeland heldt fram med det trass i fleire åtvaringar frå arbeidsgjevaren, hadde ikkje Universitetet i Stavanger anna val enn å seia han opp.

Lærdomen er at Universitetet i Stavanger burde ha gripe tak i rusproblema til Langeland langt tidlegare og ikkje ha late saka liggja og skura heilt sidan det første tilfellet fann stad i desember 2009. Tilbod om rusbehandling gjennom Akan-programmet kom for seint, då det først kom. Og når Nils Rune Langeland klarte å bryta avtalen så ettertrykkeleg ved å dukka opp sterkt rusa på jobben i oktober 2017, like etter at ein avtale var inngått, var det eit så stort tillitsbrot at Universitetet i Stavanger ikkje hadde noko anna val enn å starta ei avskilssak mot han.   

Grunnlaget for dommen er statstilsettelova paragraf 26 c. Der står det at ein statstilsett kan få  avskil når han eller ho «på tross av skriftlig advarsel gjentatt har krenket sine tjenesteplikter.»

Bakgrunnen for dommen var i hovudsak at Nils Rune Langeland har stilt opp sterkt alkoholpåverka både på jobb, på konferansar og på møte i regi av arbeidsgjevar. Det har han gjort fleire gonger trass i både åtvaringar og tilbod om å delta i eit Akan-program for tilsette med alkoholproblem. Meldingane med seksuelt innhald som han sende til unge kvinner, blei også sende då han var alkoholpåverka, men akkurat desse sakene, som vekte mediestorm sommaren 2017, har ikkje retten lagt vekt på i dommen.  

I staden let Universitetet i Stavanger denne saka trekkja i langdrag, slik at det ikkje skjedde noko meir konkret før det blei ei mediesak sommaren 2017, etter at det blei avslørt at han i fylla hadde sendt meldingar med seksuelt innhald til unge kvinner i 2016.   Først då gjekk det fortgang i saka, og då sette Universitetet i Stavanger i gang ein prosess, som førte til at Nils Rune Langeland fekk sparken i november  2017.  

Kunnskapsdepartementet får kritikk av retten for at det ikkje drøfta Nils Rune Langelands tenestehistorikk i vedtaket sitt om å seia han opp, sjølv om det er gjort etter statstilsettelovas paragraf 26 d. Etter retten si oppfatning er dermed vedtaket mangelfullt. Retten meiner likevel at om retten hadde vurdert grunnlaget for avskil etter punkt d, ville det lett ha kome i konflikt med retten sin avgrensa prøvingsrett, sidan det opnar for ei heilskaps- og rimelegheitsvurdering som «»ligger under departementets frie skjønn, som retten ikke skal prøve», heiter det i dommen.  Men sidan retten har kome til at det er eit avskilsgrunnlag etter statstilsettelovas paragraf 26 c, har den mangelfulle drøftinga av tenestehistorikken ikkje hatt noko å seia for innhaldet i vedtaket på dette punktet, og derfor er det gyldig, skriv retten i  dommen.

Saksøkjar Nils Rune Langelands advokat Kjell M. Brygfjeld argumenterte i retten imot at statstilsettelova 26 kunne nyttast for å seia Langeland opp frå professorstillinga ved Universitetet i Stavanger. Derfor la han ned påstand om at avskilet var ugyldig og at krav om opphøyr av arbeidsforholdet blir avvist. Det blei også kravt erstatning frå Kunnskapsdepartementet og vederlag for utgiftene Langeland har hatt til juridisk bistand i saka. Det einaste positive for Langeland i dommen er han skal sleppa å få betala sakskostnadene.

Kritikken som retten kjem med mot staten v/Kunnskapsdepartementet,gjer likevel at det kan vera grunnlag for ein anke frå den tapande parten i denne saka. Reint juridisk kunne det vore på sin plass å få ei vurdering av det punktet i lagmannsretten. Spørsmålet er om saksøkjaren Nils Rune Langeland orkar å ta ein ny runde i retten. Då må han i alle fall få ein garanti for at Forskarforbundet eller andre vil ta på seg utgiftene til naudsynt juridisk bistand for han.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Etikk, Personalbehandling/politikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. jan. 2019 14:24 - Sist endret 16. jan. 2019 14:24

Jeg er uenig i tolkningen og virkelighetsbeskrivelsen her: "Ein tilsett som møter opp full på jobben og også i offisielle samanhengar der han representerer arbeidsgjevaren, må forstå at det ikkje går an i lengda." En person som er avhengig av alkohol, taper kontroll over situasjonen. Det nytter ikke å si at vedkommende "må forstå at det ikke går an" 

Dessuten er det det noe generelt å si at vedkommende "møter full på jobben", for dette stemmer vel ikke. Langeland skjøttet sin jobb ifølge flere vitner, og han fikk endog opprykk til professor, etter et hendelsesforløp knyttet til en kvinnelig instituttleder. Her skurrer det.

En annen ting er seminarer og julebord der ansatte representerer arbeidsgiver. Her er vel alkoholkonsumet  til middager mer en vane enn et unntak. 

Nils Rune Langeland burde ha fått tilbud om behandling og permisjon i behandlingstiden. Dette ville ha vært en anstendig løsning, og ville naturlig nok ha tatt lang tid

 

Heidi Thorp Stakset, Trondheim

Heist@webid.uio.no - 17. jan. 2019 21:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere