Forskingsmiljø vil bli framifrå

For forskings-Noreg og for Universitetet i Oslo er det viktig at det finst attraktive, men vanskelege mål som forskarar kan ha ambisjonar om å nå i fellesskap med andre.

I dag melder Uniforum at rundt 50 forskargrupper ved UiO vil delta i konkurransen om å bli Senter for framifrå forsking frå 2013. Spennvidda er stor, dei kjem frå alle fakulteta, begge musea og både frå Senter for utvikling og miljø og frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking.

For forskingsmiljøa i Noreg er løpet mot å bli eit senter for framifrå forsking, like viktig som ei OL-uttaking for toppidrettsfolk. Dei som vinn gull, får ei innsprøyting av kapital til grunnforsking, som dei fleste andre forskingsmiljø gjerne drøymer om, men som blir røyndom for svært få. Dei aller fleste sentra vil kunna halda det gåande i maksimalt ti år med ei SFF-løyving frå Forskingsrådet. Det endelege målet til UiO er å få tre nye senter, slik at dei kan overta den statusen som dei tre aller første sentra for framifrå forsking ved UiO fekk for ti år sidan, seier forskingsdirektør Bjørn Haugstad til Uniforum. Den gongen var det Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN), Senter for bruksretta matematikk, (CMA) og Senter for geologiske prosessar sin fysikk (PGP) som blei fyrtårna ved UiO. Me synest det er ein fornuftig ambisjon. Dessutan er me heilt einige med Bjørn Haugstad i at forskargrupper på alle fagfelt må delta og ikkje føla seg slått på førehand. Difor oppfordrar han spesielt forskingsmiljø i humaniora og samfunnsfaga til å delta i konkurransen.

Uniforums reportasje viser at kjønnsforskarane er godt i gang med å planleggja eit senter som skal forska på omgrepet likestilling, kjønnslikestilling samanlikna med andre former for likestilling, og forholdet mellom idé, verdi og praksis, avslører senterleiar Jorunn Økland. Og på teologi held dei på å sy saman eit prosjekt som vil undersøkja korleis sekulariteten i nordisk samanheng er prega av protestantiske tradisjonar. Både sosiologar, statsvitarar, filosofar og rettshistorikarar skal delta, om senteret blir realisert.

For forskings-Noreg og for Universitetet i Oslo er det viktig at det finst attraktive, men vanskelege mål som forskarar kan ha ambisjonar om å nå i fellesskap med andre. Difor synest me det er fantastisk flott at så mange som nesten 50 ulike forskargrupper er i ferd med å utforma  søknader om å bli eit av dei utvalde sentra. For sjølv om ikkje alle vil nå fram, vil det likevel koma andre positive resultat ut av dette. Det kan bli oppretta nye forskargrupper på tvers av fag og fakultet, som kan bli finansierte frå andre kjelder enn SFF-potten. Nokre vil kanskje kunna søkja på andre forskingsprogram innanfor Forskingsrådet, medan andre vil kunne søkja om støtte frå EU eller frå private institusjonar. Atter andre vil truleg kunna få ekstraordinære forskingsmidlar direkte frå UiO, viss dei til slutt hamnar i finalerunden i konkurransen om å bli eit senter for framifrå forsking. Resultatet vil bli ei positiv knoppskyting ut av det ekstraarbeidet forskarar og administrative tilsette har lagt i dette arbeidet. Det vil både UiO og Noreg tena på.

Emneord: Forskningspolitikk, Internasjonalisering, Forskningssamarbeid, SFF - Senter for fremragende forskning Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 30. mars 2011 15:22 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere