Ei klok avgjerd

Det er ei klok avgjerd av Universitetsstyret å opna for andre alternativ enn Bjørvika for eit framtidig kulturhistorisk museum.

INGA FLYTTING? Universitetsstyret står ikkje lenger fast på avgjerda om at vikingskipa må flyttast frå Bygdøy til Bjørvika. (Arkivfoto)

Universitetsstyret vedtok i sitt siste møte å opna for at eit nytt kulturhistorisk museum kan byggjast andre stader enn i Bjørvika. Det oppheva slik avgjerda om at vikingskipa skulle flyttast frå Bygdøy til Bjørvika. Dermed gjeld ikkje lenger avgjerda frå 20. desember 2006, der Universitetsstyret mot tre stemmer vedtok å gå inn for eit samla Kulturhistorisk museum  med vikingskipa i Bjørvika.

To av dei tre, Grete Berget og Kristian Mollestad, sit framleis i styret, medan den tredje, medisinprofessor Johanne Sundby ikkje lenger er styremedlem. I 2006 gjekk dei tre inn for at vikingskipa burde bli verande på Bygdøy. Med vedtaket i Universitetsstyret den 6. desember i år, opnar UiO døra på gløtt for at nettopp dette kan bli resultatet.

Sommaren 2009 skreiv Uniforum på leiarplass at når det er så mykje tvil om kva konsekvensar ei flytting frå Bygdøy til Bjørvika vil få for vikingskipa og dei andre gjenstandane, så vil den aller beste løysinga vera at eit nytt Kulturhistorisk museum blir bygd der Vikingskipshuset ligg i dag, altså på Bygdøy. Me meiner framleis at det er den beste løysinga. Difor synest me det er ei klok avgjerd av Universitetsstyret å opna for andre alternativ enn Bjørvika for eit framtidig museum. Langt på veg tolkar me det som at Universitetsstyret opnar døra for at det nye museet endar opp på Bygdøy.

Direktør Rane Willerslev ved Kulturhistorisk museum ser ei delt løysing som ei mogleg framtid for heile museet inkludert vikingskipa på Bygdøy. Han opnar for at vikingskipa og resten av vikingsamlinga skal halda seg på Bygdøy. Men det er heilt utenkjeleg at heile museet får plass på Bygdøy, meiner han.

Willerslev er uroa over at all energi og skaparkraft på museet er blitt sett på vent, så lenge avgjerda om den endelege lokaliseringa av nytt kulturhistorisk museum ikkje er bestemt. Ved ikkje lenger å lata vedtaket frå 2006 vera bindande, opnar Universitetsstyret for at dei tilsette på Kulturhistorisk museum kan konsentrera seg om det dei eigentleg skal halda på med, til dømes å laga viktige og spennande utstillingar om dei prosjekta dei held på med. Dette trur Rane Willerslev blir langt lettare, når dei ikkje lenger treng å ha all fokus på ei framtid i Bjørvika. 

Me er heilt einige med han i den konklusjonen, og håpar at alle kan sjå fram til eit flott og framtidsretta museum uansett om det blir delt eller samlokalisert på Bygdøy. Vikingskipa vil truleg bli verande der dei er. 

Me er likevel heilt visse på at mykje kan gjerast for at både vikingskipa og dei andre samlingane til Kulturhistorisk museum kan trekkja endå fleire personar enn dei gjer i dag. Difor støttar me museumsdirektør Rane Willerslev i arbeidet med å gjera Kulturhistorisk museum til ein endå viktigare samfunnsaktør og utstillingsarrangør enn det er i dag.

Emneord: Vikingskipshuset, Universitetspolitikk, Museene Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. des. 2011 17:31 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere