Samhandling, ikkje utskjelling!

Det tener ikkje universitetet om administrasjonen og dei vitskaplege tilsette står i skyttargravene og skjeller kvarandre ut. Begge partar må visa at dei respekterer dei andre sine arbeidsoppgåver som like verdifulle som det dei sjølve driv på med.

GOD SAMHANDLING: Dei vitskaplege tilsette og administrasjonen må samhandla. UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe la i fellesskap fram utkastet til strategisk plan 2020.

Foto: Ola Sæther

Er administrasjonen berre til bry for forskarane, medan forskarane ikkje vil fylgja dei byråkratiske spelereglane på universitetet? Det er inntrykket det er lett å sitja igjen med etter å ha fylgt debatten mellom biologiprofessor Kristian Gundersen og universitetsdirektør Gunn- Elin Aa. Bjørneboe i Aftenposten dei siste vekene.

På debattsidene i dagens Uniforum slår skribenten Johan Nygaard til og gir Kristian Gundersen støtte. Samtidig skriv instituttleiar og professor Ola Stafseng ved Pedagogisk forskingsinstitutt varmt om korleis både administratorar og vitskaplege tilsette treng kvarandre, og ikkje bør nedvurdera dei ulike arbeidsoppgåvene dei utfører.

Uniforum er einig med Ola Stafseng. Universitetet treng både administratorane, dei vitskaplege tilsette og studentane. Utan dei vitskaplege tilsette vil ikkje universitetet vera eit universitet. Då ville universitetet ha vore ein vidaregåande skule. Og heller ikkje utan studentane vil universitetet vera eit universitet.

Men dei vitskaplege tilsette kan ikkje både organisera undervisning, forskingsprosjekt, skriva reiserekningar, søknader til Forskingsrådet og EU og skipa til store internasjonale konferansar på UiO og få lønn utan at det finst ein administrasjon som kan fungera både som støtteapparat og byråkrati. Og studentane kan heller ikkje gå på universitetet utan at dei blir registrerte, får tildelt ein studieplass, får utlevert eksamensoppgåver og til slutt vitnemål.

Og korleis hadde universitetet sett ut utan dei tilsette i Teknisk avdeling? Og om alle dei tilsette i USIT var borte, kven skulle då ha tatt ansvaret for at datasystema ved universitetet fungerte? Også folk i administrasjonen arbeider under tidspress og må ofte jobba overtid for å bli ferdige med arbeidsoppgåvene sine.

Dagens Rosenborg-trenar, Nils Arne Eggen lanserte ordet samhandling. Det er nettopp samhandling mellom administrasjon, forskarar og studentar som kjenneteiknar dei aller beste universiteta. Om det hadde vore mindre administrasjon, hadde det også vore mindre forsking, for nokon må driva rettleiing før pengesøknader blir sende.Men byråkrati for byråkratiets skuld er heller ikkje naudsynt.

På same måte som forskingskvaliteten jamleg blir evaluert, kan det vera naudsynt å evaluera lokale, byråkratiske reglar og rutinar. Det kan vera at nokre av dei er forelda eller ikkje tener formålet. Det tener ikkje universitetet om administrasjonen og dei vitskaplege tilsette står i skyttargravene og skjeller kvarandre ut.

Begge partar må visa at dei respekterer dei andre sine arbeidsoppgåver som like verdifulle som det dei sjølve driv på med. Då kan UiO bli ein endå betre arbeidsplass. 
 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 2. sep. 2010 12:54 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere