Formidling må med

Behovet for formidling blir i stor grad underkommunisert i utkastet til Strategisk plan 2010-2020. I endå større grad blir innovasjon overkommunisert.

PREMIERT FORMIDLING: I 2006 fekk Apollon Fagpressas forsidepris for denne førstesida.

Mange stader har UiOs heilage treeining blitt til forsking, undervisning og innovasjon, medan det tidlegare var forsking, undervisning og formidling som var det store mantraet i alle strategiar, planar og festtalar ved Universitetet i Oslo.

Me synest det er veldig bra at det blir satsa på innovasjon ved UiO. Det er med på å visa kor relevant forskinga som blir utført her er for vidareutvikling av produkt som kan koma samfunnet til gode.

I fjor haust kunne Uniforum melda om forskarane Jan Terje Andersen og Inger Sandlie som var i ferd med å finna fram til ein metode som ville gjera det mogleg å gi pasientar medisin sjeldnare enn i dag. Om den metoden får gjennomslag, kan det gi milliardinnsparingar på helsebudsjettet. Også Torleiv Ole Rognums apparat som nøyaktig kan tidfesta dødstidspunktet, t.d. i drapssaker, er basert på forskingsfunn han har gjort på universitetet.I begge desse tilfella har Birkeland Innovasjon vore fødselshjelpar og tilretteleggjar for vidareutvikling av ideane til dei nemnde forskarane.

Men også innanfor formidling har UiO markert seg. Det går ikkje an å nemna for ofte Jørn Hurums innsats for å formidlla forskingsfunna rundt apefossilet Ida, og den innsatsen han tidlegare la for dagen for å formidla historia og bakgrunnen til dinosaurfossilane han og andre forskarar hadde funne på Svalbard. Andre gode formidlarar er mellom fleire Bernt Hagtvet, Unni Wikan, Kari Vogt, Thomas Hylland Eriksen og Nina Witoszek.

Forskingstidsskriftet Apollon har i årevis stått i fremste rekkje for å formidla den spennande forskinga som går føre seg på UiO ut til andre media og andre delar av samfunnet. Også Uniforum har vist fram ein god del av den banebrytande og grenseoverskridande forskinga som skjer her.

Det er difor positivt om innovasjon eller nyskaping kan koma inn som eit fjerde bein. Som kjent er det lettare å halda seg oppe på fire enn på tre bein. Konklusjonen blir dermed at UiO kan stå endå betre på fire bein, altså forsking, undervisning, formidling og innovasjon. Då oppfyller UiO samfunnsoppdraget sitt.

 

Emneord: Forskningsformidling, Strategisk plan Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 5. feb. 2010 16:19 - Sist endret 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere