Investér i forsking og høgare utdanning!

Den 14. september avgjer dei norske veljarane kva parti som skal styra Noreg dei komande fire åra. 220 000 av dei er studentar, og endå fleire vil vera tidlegare studentar, som i dag arbeider utanfor og innanfor akademia. Det store fleirtalet av dei vil sjå fordelane med ei regjering som vil satsa pengar på forsking og høgare utdanning.

ALLE VIL: Både statsrådane Tora Aasland (SV) og  Anniken Huitfeldt (AP) og stortingskandidatane Margaret Eide Hillestad (SP), Erna Solberg (H), Lars Sponheim (V), Ola T. Lånke (KrF) og Anders Anundsen (FrP) vil satsa på forsking, lova dei i ein debatt  på Litteraturhuset torsdag 20. august.

Foto: Martin Toft

Det vil også føra til fleire arbeidsplassar for høgt utdanna akademikarar, som i dag ofte må ta til takke med stillingar dei er overkvalifiserte for. Difor bør både det raudgrøne regjeringsalternativet og dei borgarlege partia Høgre, KrF og Framstegspartiet ta oppfordringa frå sentrumspartiet Venstre på alvor, og lata forsking og høgare utdanning bli eit tema i valkampen.

Me har tru på at nyvalde stortingspolitikarar og nye veljarar er overtydde om at eit godt og trygt framtidssamfunn berre kan skapast dersom det blir satsa endå meir på kunnskap og forsking.Eit land som har forstått dette er USA. Ingen land satsar meir på forsking og høgare utdanning enn dei gjer der. Difor ligg dei amerikanske universiteta på topp på alle internasjonale rankinglister. Me er heilt einige med tidlegare UiO-rektor Kaare R. Norum som under valmøtet i Gamle festsal i førre veke meinte at det er eit problem at forsking og utdanning blir sett på som ei utgift, og ikkje som ei investering.
 

Det må vera universiteta sin jobb å endra den tankegangen. Skal me døma etter utsegnene til nyinnsett rektor Ole Petter Ottersen, kan det vera det som er i ferd med å skje. På det same valmøtet peika han på at forsking kan vera med på å løysa klimakrisa.

– Framover må Noreg visa solidaritet med resten av verda, ved å setja inn fleire ressursar på å løysa dei klimautfordringane me sjølve har vore med på å skapa, sa Ottersen. Det viser at både klima og forsking er tema som heng saman og difor også må bli sette på den politiske dagsordenen under stortingsvalkampen. Dei norske veljarane fortener politikarar som har visjonar som går lenger enn til neste stortingsval. Dei politikarane som skjønar det, vil koma styrkte ut av stortingsvalet 14. september.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 24. aug. 2009 14:23 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere