Forsking kan løysa krisene

Forskingsmeldinga ”Klima for forsking” blei klubba gjennnom i Stortinget på forsommaren med få personar på tilhøyrarbenken. Den gjekk rett og slett hus forbi, både hos journalistar og andre som ikkje var direkte engasjert i forsking og forskingspolitikk.

KRISELØYSAR: Forsking kan løysa både finans- og klimakrisa, meiner KUF-komiteen. Dette er UiOs og SINTEFs mikroteknologisenter i Gaustadbekkdalen.

Foto: Grethe Tidemann

Mindretalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, altså Venstre, Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti meinte, ifylgje ”Bladet Forskning”, at det ikkje var behov for ei forskingsmelding og at det hadde vore betre om regjeringa hadde arbeidd for å nå måla frå den førre forskingsmeldinga.

Dei får ikkje støtte for det synspunktet frå Forskingsrådets administrerande direktør Arvid Hallén. Derimot deler han synet deira på at meldinga hadde få verkemiddel og etterlysinga av ein konkret opptrappingsplan. Der får dei også støtte frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som i dagens avis seier at Forskingsmeldinga kan bli ståande som ein skamplett om den ikkje får ein oppfylgingsplan for finansiering.

Me støttar dei i det synspunktet, og me tykkjer difor at det må bli ein av dei første tinga den nye regjeringa til Jens Stoltenberg bør gripa tak i. For ein samla KUF-komité peikar på at Forskingsmeldinga gir viktige svar på både klimakrisa og finanskrisa. Men det vil ikkje vera gratis å forska seg ut av dei to krisene. Difor bør regjeringa satsa endå meir pengar på forsking som kan gi oss løysinga på korleis verda kan koma ut av desse krisene, og hindra at dei skjer igjen.

Ein god del av svaret ligg i samfunnsforskinga. Men verken samfunnsforskinga eller humaniora fekk den plassen dei fortener i meldinga. Det var KUF-komiteen heilt einige i. Dei støtta forslaget til Forskingsrådet om å gjera Samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader (SAMKUL) til ei nasjonal prioritering, opplyser direktør Arvid Hallén til ”Bladet Forskning”.

Uansett om Tora Aasland held fram i regjeringa eller ikkje, så er det viktig at det framleis blir verande ein eigen statsråd for forsking og høgare utdanning. Alle er einige om at Tora Aasland har fått sett både forsking og høgare utdanning på kartet, sjølv om mange kan vera ueinige med henne i kor stor grad ho har fått gjennomslag for å auka løvyingane til universitets- og høgskulesektoren. Anten det blir Aasland eller ein annan som får ansvaret, veit dei at forsking kan gi løysingane både på klimakrisa og finanskrisa.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. sep. 2009 15:28 - Sist endret 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere