Eit godt val

Statsminister Jens Stoltenberg avslørte den nye regjeringa si denne veka. Til stor overrasking for mange held Tora Aasland fram som minister for høgare utdanning og forsking. Det synest me er eit godt val av statsministeren.

FORTENER SJANSEN: Uniforum synest forskingsminister Tora Aasland fortener den sjansen ho har fått til å visa kva ho eigentleg duger til.

Foto: Ola Sæther

Først og fremst valet av person, men også at regjeringa held fram med ein eigen statsråd for høgare utdanning og forsking. Det er ei klok avgjerd.

Tora Aasland har kanskje ikkje skaffa alle dei milliardane som universitets- og høgskulesektoren gjerne hadde sett at ho hadde skaffa til forsking og høgare utdanning. I ei regjering er det ein årleg budsjettkamp om milliardane, og i verste fall, kunne sektoren ha fått endå mindre pengar.

Når Tora Aasland seier at ho kjempar for å skaffa meir ressursar til området ho er sett til å styra politisk, så trur me på henne. Ho er ein ærleg og engasjert krigar for sektoren, men når ho har tapt ein kamp, så vedgår ho det og håpar at ho vil vinna det neste slaget. Difor synest me at ho fortener den sjansen ho har fått til å visa kva ho eigentleg duger til. Ho har dessutan eit langt betre forhold til sektoren enn det forgjengaren hadde.

Aasland kjem også sektoren i møte når dei seier at dei ikkje får pengane til å strekkja til . Difor har ho sett ned eit eiga arbeidsgruppe som skal sjå på om det er mogleg å finna ut kvifor universitets- og høgskulesektoren oppfattar at dei har for lite handlingsrom, sjølv om Kunnskapsdepartementet er overtydd om at dei har nok. Den skal også vurdera korleis sjølvstendet til universiteta og høgskulane fungerer og blir forvalta.

Å velja Tekna-president Marianne Harg som utvalsleiar, var eit modig val, når me veit at ho tilhøyrde mindretalet i Stjernø-utvalet. Det er truleg det som gjer at leiinga i sektoren har tillit til at det vil koma noko konstruktivt ut av arbeidet til det utvalet. Det tener Tora Aasland til ære.

Både me og sektoren håpar at ho også snart presenterer ein truverdig plan for korleis universiteta og høgskulane skal kunna ta imot opp til 100 000 fleire studentar enn i dag i åra fram til 2020. Då bør også talet på dei som skal undervisa dei auka tilsvarande, slik at me ikkje igjen opplever overfylte auditorium, der læringsmiljøet ikkje er det beste.

At ho tar studentane på alvor, viser ho ved at ho lovar å setja i gang ei arbeidsmiljøundersøking blant norske studentar. Det har vore eit krav studentorganisasjonane har stilt i mange år.

Tora Aasland får med andre ord mange viktige saker å gripa tak i dei neste åra. Me ynskjer henne lykke til!
 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. okt. 2009 17:38 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere