Valmøtet begynner i dag klokka 12.00 - fylg med på direkten!
Frå klokka 12.00 i dag, svarer rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka på spørsmål saman med dei andre i det nye rektorteamet til Svein Stølen.

GIR SVAR: Rektor og rektorkandidat Svein Stølen skal gi svar på på spørsmål frå studentar og tilsette på UiO på det digitale valmøtet i formiddag. Då skal han og dei andre i det nye rektorlaget hans presentera valplattforma si for dei komande fire åra. (Arkivfoto)
I dag fredag 19. februar klokka 12.00 stiller både Svein Stølen og Åse Gornitzka opp på eit digitalt valmøte. Då vil dei ha selskap frå dei andre tre i rektorteamet, Per Morten Sandset, Bjørn Stensaker og Mette Halskov Hansen. På møtet vil rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka presentera plattforma si og dei andre medlemane i rektorlaget.
Khrono-redaktør Tove Lie skal leia møtet der så mange som mogleg skal få høve til å stilla alle i rektorteamet spørsmål. Alle som har spørsmål kan også bruka dette diskusjonforumet.
Heile valmøtet blir strøymd på denne nettstaden der det også skal leggjast ei lenkje til det digitale valmøtet som skal gå føre seg på Zoom. Dette er dei offisielle nettsidene for rektorvalet 2021.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere