DEBATT: Usakleg om internasjonalisering i akademia

Det ville vore fint om i det minste våre akademikarar greier argumentere sakleg utan bruk av brunskvetting. Skulle ikkje i staden vi vere dei som viste samfunnet kva sakleg drøfting er?

Portrett av ein mann med briller på eit kontor

LIGG TETT PÅ: Solbakk kallar ikkje Hellestveit sitt utspel «brunt», men assosiasjonane ligg tett på sidan utsegna hennar kan stimulere «politiske strøymingar i ei brunare retning», skriv Anders Ulstein

Foto: Privat

Det finst gode argument både for og mot internasjonalisering i akademia. Forskingsmiljøa er sjølvsagt avhengige av internasjonale nettverk og kompetanse. Det må likevel vere lov å hevde at det finst problematiske sider. Vitskapleg tilsette på universiteta har alltid vore ein slags nasjonal elite. Dei har eit samfunnsoppdrag. Det verkar logisk at mange av dei difor bør vere knytt til det norske samfunnet gjennom språk, kultur, historie, interesser og rett og slett ha kunnskap om det samfunnet dei skal arbeide i.

Kvar går så grensene mellom internasjonalisering og dette samfunnsoppdraget? For ein stad må dei gå. Men enda viktigare, syner det seg, korleis ønskjer vi å ha denne debatten?

Samfunnsdebattant og jurist Cecilie Hellestveit problematiserer i Khrono (24/9) at «flere og flere akademiske stillinger går til utenlandske forskere». Hun utalar at «Noen fagfelt er nå så dominert av utenlandske forskere at det nesten ikke er flere nordmenn igjen blant de ansatte. Altså, hva er poenget med forskning som ikke først og fremst har det norske samfunn som utgangspunkt?»

Rettferdiggjer framandfrykt?

Under tittelen «Ikkje forsvarleg å rettferdiggjera akademisk framandfrykt» skriv UiO-professor Jan Helge Solbakk (14/10) at dette er «å rettferdiggjera ein form for akademisk xenofobi eller framandfrykt». Han er vidare «forskrekka» på grunn av det han ser som «ei uheldig timing med debatt om auken i talet på utanlandske forskarar, samtidig som ein ser politiske strøymingar i ei brunare retning i Europa». Solbakk meiner altså Hellestveit skulle latt vere uttale seg.

Når byrja akademikarar tenkje på «timing»? Skal vi vente til «brune» tendensar i europeisk politikk blir borte før vi kan diskutere veksten i utanlandske forskarar ved norske lærestader? Er dette alvorleg meint?

Dette er berre veker etter at Curt Rice, nytilsett rektor ved NMBU, måtte gå kanossagang etter eit liknande angrep på Hellestveit. Rice meinte Hellestveit spreidde fordommar og burde trekke sine utsegn – og ikkje minst, ho skulle ikkje fått sleppe til i Khrono, meinte han. Likevel, han ville ikkje gå så langt som å meine at ho spreier framandfrykt.

Brunt?

Solbakk, derimot, synes «framandfrykt» er eit relevant moment å trekke inn. Og han toppar det med referanse til litt politisk brunfarge for å liksom skremme oss.

Solbakk kallar ikkje Hellestveit sitt utspel «brunt», men assosiasjonane ligg tett på sidan utsegna hennar kan stimulere «politiske strøymingar i ei brunare retning». Slike assosiasjonsrekker med nynazisme i andre enden fungerer som eit klart varselskot, ikkje berre til Hellestveit, men til alle som tenkjer ta ordet i det frie ordskiftet anno 2021.

Klassekampen derimot, som er årvaken mot «brune tendensar», må vi kunne seie, ser ikkje ut til å dele Solbakks uro. Dei skriv tvert om følgjande på leiarplass (5/10):

«Moteordet i strategier for høyere utdanning de siste 20 årene har vært internasjonalisering. Har det gått ut over oppdraget med å utdanne studenter til stillinger i det norske samfunnet, samt å videreutvikle norsk som fagspråk? Den diskusjonen bør vi absolutt ta, men rektor Curt Rice har plassert seg selv ettertrykkelig på sidelinja når temaet skal debatteres framover.»

Meiningskorridoren

Aftenposten hadde ein leiar med tilsvarande refs av Rice. Medieprofessor og rektor ved Høgskolen i Volda, Johann Roppen, var heller ikkje nådig, og meinte Rice sitt utspel er uttrykk for «hersketeknikk», og la til at det er «nettopp slike ting som gjør at folk vegrer seg for å gå inn i samfunnsdebatten». Dette siste har Roppen sjølvsagt svært rett i.

Etter dei kraftige reaksjonane har Rice straks etter bedt om orsaking for dei mest grove utspela om Hellestveit, og lovar ein debatt «på riktig spor». Vi får håpe. Det er snart gjort å snevre inn meiningskorridoren, men å vide den ut tek langt meir tid. Det handlar til dømes om tiltrua vi har til fair play.

Samfunnsoppdraget

For burde ikkje nettopp akademia vere staden der ein kan drøfte vanskelege spørsmål på sakleg vis? Ad fontes, folkens! Krava til eit sakleg og sanningssøkjande ordskifte ligg i akademia sitt DNA. Eller har noko av dette gått tapt?

Kva er eit universitet? Det er ikkje ein interesseorganisasjon; vi er ikkje eit politisk parti, ikkje eit trussamfunn eller folkerørsle. I staden skulle akademikarar vere dei som lærer samfunnet verdien av sakleg drøfting og eit fritt ordskifte. Ville ikkje det vere eit flott samfunnsoppdrag i vår tid? Det er knapt noko eg trur sterkare enn dette: Pro et contra!

Så vurderer vi saker ulikt, fint. Kanskje kjem det litt temperatur i debatten også, det toler vi, men innanfor visse grunnleggande reglar. Ein arbeider ikkje for å stilne motstandarar, lage stråmenn eller argumentere med guilt by association. Grensa går der.

(Innlegget blei først publisert i Universitetsavisa 20.10. 2021)

Emneord: Internasjonalisering, Språkpolitikk, Arbeidsforhold Av Anders Ulstein, universitetslektor ved Institutt for IKT og reafag, NTNU Ålesund
Publisert 21. okt. 2021 16:30 - Sist endra 22. okt. 2021 10:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere