Usanne og usaklege påstandar frå OUS-advokat

Det er viktig at aviser fylgjer med på kva som skjer på OUS. For ei universitetsavis som Uniforum, er det også viktig fordi mange av dei som arbeider der, også har hovudstilling eller professor II-stilling på UiO, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i eit svar til OUS-advokat Arne Moland.

STOLT: Som ansvarleg redaktør er eg stolt over den dekninga Uniforum har utført i den omtalte saka ved Oslo universitetssykehus. Det er meir overraskande at ikkje fleire aviser prøver å fylgja OUS litt tettare i korta, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft,

Foto: Mahlum

I eit lesarbrev frå 24. mars brukar Oslo universitetssykehus’ advokat Arne Moland storslegga mot Uniforums dekning av ei rettssak mot sjukehuset. Skuldingane er både usanne og usaklege, og derfor vil eg tilbakevisa påstandane punkt for punkt.

Les også: Om Jan Helge Solbakk og Peter Kierulf og Uniforum som et mikrofonstativ for de to

Uniforum begynte å interessera seg for forholda til dei tilsette ved Oslo universitetssykehus, etter at forskingsstiftinga FAFO i fjor la fram rapporten sin om arbeidsmiljøet og ytringsklimaet ved sjukehuset. Me fekk kjennskap til fleire konfliktsaker der kvinnelege ph.d.-kandidatar hadde hamna i trøbbel med professorkollegaer eller andre overordna.

Når me valde å skriva om akkurat den saka som det nyleg fall dom i i Oslo tingrett, har det å gjera med at den unge forskaren både ville stilla opp i intervju, og fordi ho hadde hatt mot til å varsla sak mot mastodonten Oslo universitetssykehus. Samtidig hadde Uniforum ein unik sjanse til å vera i stades i retten for også å høyra motparten sitt syn. Derfor gjorde me eit redaksjonelt val om at avisa ville dekkja denne saka grundig. Det har me også gjort, og begge sider har slept til, slik at det har blitt ei balansert dekning.

Nettopp av den grunn er det lett å tilbakevisa påstandane frå OUS-advokat Arne Moland i lesarbrevet han sende oss, like før ankefristen går ut.

Første påstand frå Arne Moland:

«Jeg registrerer at Uniforums omfattende omtale av saken utelukkende har vært basert på subjektive uttalelser fra Solbakk og Kierulf og forskeren.»

Dette er heilt feil. Omtalen av saka er basert på kommentarar frå begge/alle partar i saka. Før rettssaka publiserte Uniforum ein artikkel med innhaldet i stemninga til Oslo tingrett, men også tilsvaret frå Oslo universitetssykehus var med. Seinare refererte Uniforum dei aller fleste vitneforklaringane i retten. Då dommen var klar, publiserte me ein ny artikkel der me refererte både fleirtalet og mindretalet sitt syn.

Andre påstand:

«Den 15. desember 2016, før Oslo tingrett hadde vurdert saken, skrev for øvrig Uniforums ansvarlige redaktør en lederartikkel med tittelen «OUS med karakterdrap på forskar»

Dette var ein leiarartikkel som i stor grad var basert på tilsvaret frå Oslo universitetssykehus til den rettslege stemninga frå advokaten til den kvinnelege forskaren. Karakterdrapet på forskaren blei vel ikkje akkurat mindre i open rett frå OUS-advokat Arne Moland og dei vitna han kalla inn til forsvar for behandlinga av forskaren. Om han meiner det, må han gjerne visa kva skildringar av forskaren som skulle gjera karakterdrapet av henne mindre alvorleg i tingretten.

Tredje påstand:

«Det er også kritikkverdig at Uniforum har latt den ene siden i en rettslig konflikt, som stod til behandling i rettsapparatet, få anledning til å forhåndsprosedere saken i media.»

Her har advokat Arne Moland gjort ein svært dårleg research av artiklane som Uniforum har skrive om saka. Om han hadde tatt seg bryet med å sjekka dei ordentleg, ville han ha funne ut at begge sider i denne saka har slept til. Artikkelen frå 16.12. 2016 inkluderer utdrag frå OUS’ tilsvar til stemninga, men også kommentarar frå OUS’ juridiske direktør og den tidlegare leiaren til forskaren.

Fjerde påstand:

«Da jeg begynte på universitetet for mange år siden, ble jeg introdusert for noe som ble kalt for «pro» og «contra». Jeg lærte at dette var grunnpilarene i all akademia. Uniforum, en nettavis ved Norges største universitet, har ikke etterlevet disse grunnprinsippene og har i stedet valgt å opptre som et mikrofonstativ for Solbakk og Kierulf.»

Som vist tidlegare i denne kommentaren, har begge sider i saka slept til i Uniforums spaltar. Både gjennom tilsvaret til stemninga, og i kommentarar me har fått tilsende på epost eller gjennom intervju. Når det gjeld pro-aut-contra-argumentasjonen er det eit godt akademisk prinsipp, som alle universitetsstudentar har lært gjennom Arne Næss’ bok «Elementære logiske emne». I pressa brukar me også prinsippa i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Dei har me også brukt i dette tilfellet, og Uniforum har på ingen måte vore noko mikrofonstativ for Solbakk og Kierulf, slik Moland påstår.

Femte påstand:

«Symptomatisk er ellers at Uniforum, etter at dommen ble avsagt, i sin omtale av dommen særlig valgte å sitere mindretallets uttalelser (det er verdt å merke seg at dommen er enstemmig på de fleste punkter). Det er nærliggende å anta at dette skyldes et behov for i størst mulig grad å rettferdiggjøre Uniforums tidligere omtale av saken.»

Uniforum meiner at den løpande dekninga vår av saka har gitt eit balansert bilete.
I vår omtale av dommen er berre Moland/OUS sitert. Den andre parten fekk me rett og slett ikkje tak i. Tittel på saka var «Forsker tapte varslersak mot OUS.» Ingressen var «Forskeren hadde ingen grunn til å gå til sak, slås det fast i dommen fra Oslo tingrett. – Domsresultatet kommer ikke som noen overraskelse for OUS, kommenterer sykehusets advokat Arne Moland.»

Sjølvsagt har me med i omtalen av dommen at retten delte seg i eit fleirtal og eit mindretall. Dette er dessutan svært interessant i ein slik sak. Å hevda at Uniforum berre var interessert i å fremja den eine sida sitt syn, fordi det ville støtta opp om avisa si eiga dekning, er både usakleg og usant, og er eit stygt døme på hersketeknikk frå ein som representerer ein mektig institusjon, og som nettopp derfor burde ha sett seg for god til å koma med eigenproduserte, konspiratoriske insinuasjonar.

Sjette påstand:

«Uniforum valgte også, etter at dommen var avsagt, å ta inn et større intervju med Jan Helge Solbakk der han ble gitt anledning til å angripe tingrettens syn på saken. Her hevder han blant annet at også tingretten nå har begått «karakterdrap» på forskeren. Solbakk påstår også at OUS’ vitner har løyet i sine vitneforklaringer.»

Uniforum har vidareformidla sterk kritikk av Jan Helge Solbakk og Peter Kierulf frå leiarar både ved OUS og UiO. Solbakk og Kierulf blir også kritiserte i dommen. Difor er det sjølvsagt også interessant å få deira kommentarar til kritikken. Om me ikkje hadde late dei slept til, hadde ikkje Uniforum gjort jobben sin. Solbakk har stilt i to større intervju, medan Kierulf har uttalt seg noko kortare. Solbakk hevdar i det første intervjuet at vitne fra OUS «diktet» i vitnemåla sine. Uniforum går ikkje god for absolutt alle ting eit intervjuobjekt seier.

Sjuande påstand:

«Uniforums omtale av saken har til de grader vært ensidig og unyansert og bør ikke være en universitetsavis verdig.»

Dette er også ein påstand som meir byggjer opp om Arne Molands rolle som forsvarsadvokat for Oslo universitetssykehus enn noko som har grunnlag i røyndomen. I intervjuet med Solbakk i Uniforum får Solbakk mange kritiske spørsmål frå journalisten, som han også svarar på etter beste evne.

Stolt over dekninga

Som ansvarleg redaktør er eg stolt over den dekninga Uniforum har utført i den omtalte saka. Det er viktig at aviser fylgjer med på kva som skjer på OUS, som er ein av Oslos største og viktigaste arbeidsplassar. For ei universitetsavis som Uniforum, er det også viktig fordi mange av dei som arbeider der, også har hovudstilling eller professor II-stilling på Universitetet i Oslo. Det er meir overraskande at ikkje fleire aviser prøver å fylgja OUS litt tettare i korta.

Uniforum lovar at me skal halda fram med å dekkja det som skjer på OUS på ein god, balansert og grundig måte.

Les meir om Uniforums dekning av saka:

* Ung forsker til rettssak mot Oslo universitetssykehus
* OUS med karakterdrap på forskar
* OUS: – Dette er ingen varslingssak, men en personalsak
* OUS ut mot støttespilleres rolle i varslersaken
* – Noe av det verste jeg har vært borti som forskerombud
* – Kan kranglete mennesker varsle?
* Forskningsombudet: – Kritikken er overraskende og beskyldningene ubegrunnet
* – Hvorfor tror dere at maktpersoner snakker sannere enn andre?
* Solbakk og Kierulf diskuterte forskingsetikk med UiO-leiinga
* Forsker tapte varslersak mot OUS
– Varsleres rettssikkerhet er satt flere år tilbake

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Etikk, Personalbehandling/politikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 4. apr. 2017 16:53 - Sist endra 27. okt. 2017 12:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere