Trekk tilbake oppseiinga av Gudmund Harildstad!

 Ein så stor arbeidsgjevar som UiO med eit breidt spekter av arbeidsoppgåver vil klare å skaffe ein dyktig og arbeidssam arbeidstakar alternativt arbeid dersom ein brukar litt fantasi - og ikkje minst vilje, skriv Sigrid Nesje.

Som tidlegare kollega av Gudmund Harildstad (1996-97), må eg seie at eg reagerte sterkt på at UiO har sagt han opp frå fast stilling etter 22 års teneste i Norsk Ordbok/ILN.
 
Ut frå det eg les i pressa og i Uniforum, ser det ikkje ut til at UiO har brukt dei verkemidlane dei har rett til - og eg vil seie plikt til -  for å finne nytt og høveleg arbeid til ein tilsett gjennom mange år. Ein så stor arbeidsgjevar som UiO med eit breidt spekter av
arbeidsoppgåver vil klare å skaffe ein dyktig og arbeidssam arbeidstakar alternativt arbeid dersom ein brukar litt fantasi - og ikkje minst vilje.
 
Oppseiinga set UiO som arbeidsgjevar i eit svært negativt lys. Eg vil oppmode dei som er personalansvarlege sentralt på UiO om å trekkje oppseiinga tilbake og finne ei løysing for Gudmund.
 
Som det heiter til fjells: det er inga skam å snu. Og det gjeld like mykje for flatlandet og Blindern.
 
 
Emneord: Arbeidsforhold, Personalpolitikk, Universitetspolitkk Av Sigrid Nesje
Publisert 24. mai 2015 12:22 - Sist endra 24. mai 2015 12:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere