Om å gjera om elektroniske ordbøker til brunt støv

ILN-leiinga sitt framlegg inneber oppsplitting. Om språksamlingane går ein stad og ordbøkene ein annan, forsvinn samordninga, skriv forskar og redaktør i Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik.

Universitetet i Oslo gjev i brev til 23.3.2015 til Kulturdepartementet si tilråding om framtida for språksamlingane, og dermed om ordbøkene som byggjer på språksamlingane. Faren ved å fylgja tilrådinga, er at eit stort elektronisk byggverk blir rive. Ein kan enda med ein vrakhaug som ingen vil byggja opp att. Dette er det same som gjorde at vikingskipa ikkje vart flytta  – resultatet kan bli ekvivalenten til ein haug brunt støv.

På s. 5 i brevet kjem overskrifta "Institutt for lingvistiske og nordiske studiers forslag til alternativ organisering". ILN-framlegget går ut på å senda språksamlingane til Nasjonalbiblioteket, og dermed skilja dei frå ordbøkene Norsk Ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Framlegget kjem frå instituttleiinga ved ILN. Teksten er ikkje lagt fram til orientering, drøfting eller vedtak for instittuttstyret. Ingen fagmiljø ved språksamlingane er rådspurde Det gjeld leksikografi, namnegransking, og Eining for digital dokumentasjon, som har hatt utviklings- og driftsansvar for språksamlingane i elektronisk form heilt sidan 1991.

ILN-framlegget inneber nedlegging av ordbøkene og samlingane i den digitale forma dei har no. Båe er i dag allment tilgjengelege i elektroniske løysingar som sameiner grunnleggjande vitskaplege krav med formidling. Innhaldet i ordbøkene skal vera rett, og etterprøvbart. Derfor er underlagstilfanget lenka elektronisk til kvar artikkel i Norsk Ordbok. Då kan stadkjeldene lenkast til eit elektronisk noregskart som viser stad for ord, ordformer, tydingar og faste uttrykk. Derfor er kjeldeforkortingane lenka til ein bibliografibase med fullstendige opplysningar om skriftlege kjelder.

Grammatiske opplysningar i artikkelhovudet i Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett kjem direkte frå Norsk ordbank. Norsk ordbank er sentrallageret over normeringsvedtak for norsk, og del av språksamlingane. I  dag kjem korrigeringar til handordbøkene på nett  inn med ein gong dei er oppdaga. Dette er viktig for brukarar som spør om ting dei lurer på, og for autoriteten til handordbøkene. I ei kløyvd løysing blir dette vanskelegare å få til.

Dette dynamiske systemet av grunnlagstilfang og produkt har kravt store resursar å få til. Det norske samfunnet har fått det rimeleg, av di det er lagt stor vekt på synergi.  Løysingar og programvare for språksamlingane er også brukt for folkeminne, arkeologi og kunsthistorie, og i dei noverande databasesystema for musea til UiO.

Desse fellesløysingane føreset at tilfang og produkt er samla. På lengre sikt er det bygt vitskapleg infrastruktur for norsk språk som samstundes høver til å formidla kunnskap på ein mest mogleg effektiv måte - slik det er gjort i handordbøkene og Norsk Ordbok.

ILN-leiinga sitt framlegg inneber oppsplitting. Om språksamlingane går ein stad og ordbøkene ein annan, forsvinn samordninga. Ny samordning føreset oppbygging av ny digital infrastruktur mellom fleire ulike institusjonar med ulike system. Eining for digital dokumentasjon er  ikkje konsultert, og er heller ikkje med i nokon flytteplan frå UiO. Dei digitale løysingane for humaniora ved UiO er oppbygde med programvare som er vald for å tena UiOs breiare føremål. Nasjonalbiblioteket har andre løysingar, tilpassa Nasjonalbibliotekets føremål og mandat. Ingen forlag har slik digital infrastruktur som UiO, eller for den saks skuld vitskapleg kompetanse til å drifta UiOs løysingar.

ILN-leiinga skriv «For både faktisk bruk i dag og mulig fremtidig bruk er det et sentralt faglig krav at samlingene gjøres allment digitalt tilgjengelige  for de ulike formålene som er nevnt over.» Men store delar av språkamlingane er for lengst digitaliserte, og har vore fritt tilgjengelege over nett sidan 1997 – i snart to tiår. Om andre skal gjera dette på ny, blir ein stor forskarinnsats kasta bort.

Splittar ein ordbøker og språksamlingar på fleire ulike sektorar, må ein likevel ha fagpersonale til utvikling, vedlikehald og drift. Det blir uansett bruk for etter måten store offentlege midlar – meir enn i dag, av di synergien vil gå tapt.

Ei elektronisk nyoppbygging blir kostbar, ho er unødvendig (for løysingane finst og er i drift) og spørsmålet er om det i det heile er mogleg. Det føreset samverkande digital kompetanse, og ein stor porsjon godvilje, mellom mange ulike institusjonar.

Ordbøkene hadde i 2014 opp mot 85 millionar tilslag på nett, og er hovudverkty for skulevesen og forvaltning. Flytting og oppsplitting kan redusera ordboksresursane til ekvivalenten til ein haug brunt støv. Er det det UiO ønskjer?

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Nynorsk, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av forskar og ordbokredaktør Oddrun Grønvik
Publisert 14. apr. 2015 20:26 - Sist endra 14. apr. 2015 20:26

I saka om Språksamlingane gjer Universitetet sitt beste for å krype høgre opp i det akademiske elfenbeinstårnet og stenge døra godt i gjen etter seg. Helst vil dei hive nøkkelen ut vindauget.

Å ha 85 millionar tilslag på nettordbøkene er jo totalt uinteressant for ein akademisk institusjon som skal drive med forskning, undervisning og eh, formidling?  

bjorghik@uio.no - 14. apr. 2015 22:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere