Universitetsstyret og språksamlingane

I denne saka blir det no meir og meir påfallande at styret ved UiO ikkje har noka meining om framtida for språksamlingane, som universitetet framleis har det nasjonale ansvaret for, skriv Magnus Rindal.

Som kjent har Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) for ei tid sidan vedteke å seie frå seg det nasjonale ansvaret for dei norske vitskaplege språksamlingane, eit ansvar som i si tid blei gjeve frå eigardepartementet til UiO. Dette er av fleire grunnar eit oppsiktsvekkjande vedtak. Og det skjer samstundes med at ILN får 27,3 mill. kr. frå NFR til eit infrastrukturprosjekt, som NFR presenterer under overskrifta «Norske dialekter i en felles database». Dette prosjektet skal gå til 2019, medan ILN kvittar seg med språksamlingane, som også omfattar norske dialektar.

 

ILNs prioriteringar er det berre å ta til etterretning. Men det overraskande er at Universitetsstyret,  ved rektor, ikkje har noka meining i denne saka, men berre viser til vedtaket ved instituttet. Det hadde vore å vente at det blei vurdert om språksamlingane er viktige for UiO, og om dei kunne finne ein plass i organisasjonen utanfor ILN, slik det var tidlegare. Men dette har ikkje skjedd.

 

No kan Uniforum melde at Nynorsk kultursentrum i  Ørsta har laga ei skisse til korleis språksamlingane kan takast vare på, og skissa er send til Kulturdepartementet. Ho inneheld framlegg om ei organisering ved UiB, til ein prislapp på 17 mill. kr. Det er framlegg om at verksemda skal organiserast etter § 1-4. (4) i Universitets- og høgskolelova, som frikoplar eininga frå styringsstrukturen ved universitetet. Rektor ved UiB stiller seg positiv til framlegget, og legg vekt på UiBs nynorskprofil. Men samlingane er språknøytrale, og den største oppgåva som ventar dei nærmaste åra, er ei stor historisk ordbok for bokmål/riksmål, som kan sidestillast med Norsk Ordbok.

 

I denne saka blir det no meir og meir påfallande at styret ved UiO ikkje har noka meining om framtida for språksamlingane, som universitetet framleis har det nasjonale ansvaret for. Det er ikkje lenger nok å vise til instituttet sine prioriteringar. Og i det siste har følgjande ubehagelege tanke snike seg inn hos meg: Er det mogleg at styret ved landets eldste og største universitet eigenleg ikkje er interessert i spørsmålet om framtida for forsking, formidling og undervisning knytt til det norske ordtilfanget, norske dialektar og norske stadnamn?

 

 

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Nynorsk, Universitetspolitikk, Forskningspoltitikk Av Magnus Rindal
Publisert 1. des. 2014 11:55 - Sist endra 1. des. 2014 11:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere