Exphil utan paranoia og hjernevask

Ein av dei ting vi i dag ikkje har mangel på i universitetskvardagen, er evalueringar. Og universitetsleiinga burde snarast ta initiativ til å evaluera Exphil / Exfac-ordninga, skriv filosofiprofessor Arild Pedersen.

Eg takkar Harriet Bjerrum Nielsen for eit godt svar. Men det var hennar eiga historieforståing eg bygde på, når eg sa at ho var ”ein av pådrivarane i universitetsstyret for å innføra denne ordninga” (Exphil utan vitskapsfilosofi, men med etikk). Som eg tilsto i innlegget mitt karakteriserte eg mine eigne førestillingar om hennar motiv som temmeleg paranoide. Så akkurat det kan vi no sjå på som hjernevaska vekk. Men når det gjeld dei faktiske og observerbare hendingane den gongen, seier Bjerrum Nielsen: ”Jeg fremmet da forslag om at man prioriterte etikk, dvs alternativ II fra Rådet for Exphil og Exfac, og dette ble vedtatt med én stemmes overvekt”. Sjølvsagt veit eg at ein i slike prosessar, som i livet elles, tar avgjerdsler innanfor villniss av interesser. Men ein treng ikkje å dra til Nürnberg for å skjøna at når ein til slutt trykk på ein avtrekkjar er ein ansvarleg.

Likevel er dette fortid, og vi kan alle ta feil. Men vi kan alle òg tenkja på nytt. Så eg er glad for at ho i dag seier: ”Om jeg ble konfrontert med valget i dag, nesten 10 år senere, hadde jeg kanskje valgt å beholde vitenskapsfilosofien. Jeg er enig i at dagens debatt mellom naturvitere og humanister / samfunnsvitere tyder på at kommunikasjonen over faggrensene ikke flyter bra, og i den grad beslutningen i 2002 om å flytte vitenskapsfilosofi til fakultetsnivå bidro til å forverre situasjonen, er jeg enig i at det kan settes spørsmåltegn ved om Kollegiet tok en riktig beslutning.”

Mi utfordring er difor retta til universitetsleiinga, ikkje til Bjerrum Nielsen, i form av nokre tesar:

1. Universitetet sitt mangfald av fakultet og studieprogram gjer at studentane, og seinare forskarane, treng ein stad der dei får eit reflektert utsyn til mangfaldet og einskapen av rasjonalitet og vitskap på heile universitetet.

2. Exfac fungerer i dag ikkje som ein slik stad. I strid med universitetsstyret sine intensjonar (?) er Exfac redusert til spesialiserte metodekurs, og gjer at studentane snarare vert meir aktivt avskjerma frå vitskapen sin heilskap og interne kommunikasjon.

3. I motsetnad til vitskapsfilosofi er etikk noko som passar best som konkretisert i samband med dei einskilde faga. Dessutan vil ingen hevda at samfunnsvitarar og biologar skulle handla ut frå ulike slag moral. Derimot er det reell usemje og diskusjon om desse to faga brukar ulik vitskapeleg rasjonalitet. Etikk på eit (Exfac) fagnivå vil difor ikkje innebere fare for uvikling av fagskylappar, slik som Exfac-metodekurs i dag gjer det.

4. Ein av dei ting vi i dag ikkje har mangel på i universitetskvardagen, er evalueringar (underveges- eller sluttevalueringar). Universitetsleiinga burde snarast ta initiativ til å evaluera Exphil / Exfac-ordninga, og sjå om mellom anna desse kritiske merknadene kan ha noko for seg.
 

Slik det på Island er vulkanutbrot ca kvart 8-9. år, har vi hittil fått nye Exphil / Exfac-ordningar ca kvart 7. år. Nett no er det utbrot på Eyjafjellvulkanen, medan det er 7 år sidan Exphil 03 blei innført.


 

Emneord: Filosofi Av Arild Pedersen – professor i filosofi
Publisert 15. apr. 2010 13:22 - Sist endret 2. sep. 2014 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere