Emeritert professor

Den enklaste løysinga er å fornorska emeritus-nemninga, skriv professor Jan Terje Faarlund. Professor emeritus blir da emeritert professor. Da held vi på den akademiske nemninga, og ettersom vi ikkje skil mellom maskulinum og femininum av slike adjektiv korkje på bokmål eller nynorsk, kan det brukast om begge kjønn utan problem.

Kva skal ein kalla ein professor, særleg ein kvinneleg, som har gått av for aldersgrensa? I Uniforum nr. 7 (og i nettutgåva) bruker kollega Arne Torp eit par sider til å leggja seg flat over professor emerita. Han har vorte så fortvila og lei seg at han vil avskaffa heile emeritus-nemninga. I staden vil han vera pensjonert professor, eller kanskje seniorprofessor, eller til naud ein amputert prof.em. Men han innser at alle desse termane er problematiske. Derfor gjev han opp og vil helst vera ein demokratisk og folkeleg pensjonist.

Det spørst om han ikkje gjer problemet større enn det er. Den enklaste løysinga er å fornorska emeritus-nemninga. Denne nemninga er som kjent avleidd av det latinske verbet emerere, som tyder ’å tene ferdig’. I norsk har vi god tradisjon for å laga partisipp- og adjektivavleiingar av latinske verb på -ere: interessert, produsert, evaluert, ja til og med meritert.

Samstundes er regelen i norsk at adjektivet skal står føre substantivet. Så professor emeritus blir da på norsk emeritert professor (jf. tysk emeritierter Professor). Da held vi på den akademiske nemninga, og ettersom vi ikkje skil mellom maskulinum og femininum av slike adjektiv korkje på bokmål eller nynorsk, kan det brukast om begge kjønn utan problem. (Som ein ekstra bonus vil vi da kanskje også sleppa å høyra det prosodiske misfosteret professor emerítus frå folk som trur at alle latinske ord skal ha trykk på nest siste staving.)
 

Av Professor Jan Terje Faarlund ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium og CSMN
Publisert 16. juni 2010 12:11 - Sist endret 2. sep. 2014 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere