Strukturell mobbing i tilsetjingsprosessen

I den seinare tida har vurderingane særskilt ved to tilsetjingssaker i leiarstillingar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium framstått med forbausande resultat.

Kollegaer som har søkt på stillingane, og som etter allment omdømme av formelle kvalifikasjonar og praksis, burde vere godt kvalifiserte til stillingane, har ikkje fått kompetanse. Grunnen til det må vere at intervjudelen i vurderingsprosessen har fått urimeleg stor vekt.

Omdømmeproblem

Når intervjuet i tilsetjingsprosessen blir brukt på ein slik måte at det openbert går på integriteten til søkjarane og blir eit omdømmeproblem for dei i høve til andre som ikkje kjenner dei, er rettstryggleiken for stillingssøkjarar ikkje ivareteken. Særleg ille er det at Forvaltningslova vernar om denne praksisen med at søkjarane korkje får tilgang til innstilling eller har krav på grunngjeving for vurderinga.

Ettersom denne praksisen kan gjennomførast i ly av regelverket, må dette kallast strukturell mobbing. Det er særleg urovekkjande at fagforeiningsrepresentantane har vore med på denne måten å bruke intervjuet på, som overordna i høve til fagleg kompetanse og praksis. Dei fleste av oss er vel medlemmer for at vi som arbeidstakarar skal ha ein garanti for rimeleg handsaming i arbeidstilhøvet.

Element av ein mobbekultur

At dette skjer på Det humanistiske fakultetet er særleg påfallande. Fakultetet gjennomførte ei arbeidsmiljøundersøking i fjor. Undersøkinga avslørte at det ikkje er god kommunikasjon mellom leiing og tilsette, og dertil at det ved fakultetet også eksisterer element av ein mobbekultur.

I lys av arbeidsmiljøundersøkinga bør praksisen med å la den situasjonsbundne intervjuinga vere overordna ved tilsetjingar korrigerast snarast. Ikkje minst når Forvaltningslova hindrar det viktigaste vitskaplege prinsippet, høvet til etterprøving, må vurderingane vere skjønsame om dei skal framstå som legitime. Og ein må gjerne la seg råde av folkeleg visdom: "Ein skal so rosa den eine at ein ikkje lastar den andre".

 

Emneord: Arbeidsforhold Av professor Dagfinn Worren ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Publisert 4. feb. 2009 15:16 - Sist endra 2. sep. 2014 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere