Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Ein reinsemetode basert på nano-gelar er den mest skånsame for oljemåleri. Det fann Lena Porsmo Stoveland ut då ho brukte Munchs Aula-måleri som forskingsobjekt i doktoravhandlinga si på UiO.
Det vert jobba med å få til ei løysing mellom musikarar som brukar Aulaen og UiO. – Me er i god dialog med rektoratet, seier direktør Per Erik Kise Larsen i Det Norske Kammerorkester.
Målet er å revitalisere Universitetets aula som en økonomisk bærekraftig kultur- og konsert-scene på et levende universitet, skriver rektor Svein Stølen.
UiO har sendt ei melding med oppseiing av avtalen med samarbeidspartnarane sine om konsertar i Universitetets aula. Det får sentrale aktørar i norsk musikkliv til å reagera. – Me sende ut ein litt uklar epost. Det beklagar me, seier rektor Svein Stølen.
Luftforureininga i Oslo fører til at Munch-måleria i Aulaen gradvis vert sota ned. I sommar har professor Tine Frøysaker hatt med seg studentar frå konserveringsstudiet ved UiO for å fjerna både sot og overflatestøv frå Edvard Munchs berømte Aula-måleri.
Med elleve nykomponerte musikkstykke til dei elleve måleria til Edvard Munch, blei 100-årsdagen for Munch-måleria i Aulaen feira den 19. september.
– Høge ambisjonar innanfor utdanning og forsking er det usynlege reisverket i eit kvart universitet. Det unge universitetet i Christiania hadde ambisjonar. Universitetet i Oslo anno 2011 har store ambisjonar, sa rektor Ole Petter Ottersen i talen sin under markeringa av 200-årsjubileet i Universitetets aula i ettermiddag.
Heile det offisielle Noreg var samla i Universitetets aula i dag under underskrivinga av kondolanseprotokollen for offera etter dei to terroraksjonane på Utøya og Oslo sist fredag.
Både kong Harald og statsminister Jens Stoltenberg deltok under den høgtidelege opninga av den nyrestaurerte Aulaen i går ettermiddag. Rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kunne nøgde observera ein aula smekkfull av inviterte gjester frå regjering, storting, statsapparat, akademia og Oslo kommune.
– Dette er det viktigaste og mest utfordrande restaureringsarbeidet i dette hundreåret. Det sa teknisk direktør Frode Meinich ved UiO då Statsbygg nyleg lyste ut oppdraget på restaureringa av Aulasalen og vestfløyen i Domus Media og refundamentering for Domus Bibliotheca, Professorboligen og Gymnastikkbygningen. Dei samla kostnadene vil koma på 480 millionar kroner.