Nettsider med emneord «Universitetets Aula»

Publisert 30. juli 2020 00:25

UiO har sendt ei melding med oppseiing av avtalen med samarbeidspartnarane sine om konsertar i Universitetets aula. Det får sentrale aktørar i norsk musikkliv til å reagera. – Me sende ut ein litt uklar epost. Det beklagar me, seier rektor Svein Stølen.

Publisert 9. aug. 2018 11:14

Luftforureininga i Oslo fører til at Munch-måleria i Aulaen gradvis vert sota ned. I sommar har professor Tine Frøysaker hatt med seg studentar frå konserveringsstudiet ved UiO for å fjerna både sot og overflatestøv frå Edvard Munchs berømte Aula-måleri.  

Publisert 21. sep. 2016 16:07

Med elleve nykomponerte musikkstykke til dei elleve måleria til Edvard Munch, blei 100-årsdagen for Munch-måleria i Aulaen feira den 19. september.

Publisert 2. sep. 2011 18:49

– Høge ambisjonar innanfor utdanning og forsking er det usynlege reisverket i eit kvart universitet. Det unge universitetet i Christiania hadde ambisjonar. Universitetet i Oslo anno 2011 har store ambisjonar, sa rektor Ole Petter Ottersen i talen sin under markeringa av 200-årsjubileet i Universitetets aula i ettermiddag.

Publisert 25. juli 2011 17:29

Heile det offisielle Noreg var samla i Universitetets aula i dag under  underskrivinga av kondolanseprotokollen for offera etter dei to terroraksjonane på Utøya og Oslo sist fredag. 

 

Publisert 17. juni 2011 12:13

Både kong Harald  og statsminister Jens Stoltenberg deltok under den høgtidelege opninga av den nyrestaurerte Aulaen i går ettermiddag. Rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kunne nøgde observera ein  aula smekkfull av inviterte gjester frå  regjering, storting, statsapparat, akademia og Oslo kommune.

Publisert 11. des. 2008 11:39

– Dette er det viktigaste og mest utfordrande restaureringsarbeidet i dette hundreåret. Det sa teknisk direktør Frode Meinich ved UiO då Statsbygg nyleg lyste ut oppdraget på restaureringa av Aulasalen og vestfløyen i Domus Media og refundamentering for Domus Bibliotheca, Professorboligen og Gymnastikkbygningen. Dei samla kostnadene vil koma på 480 millionar kroner.