Nettsider med emneord «UiOs 200-årsjubileum»

Publisert 18. jan. 2011 14:15

Bergen er første stopp for en vandreutstilling om Fridtjof Nansen, og i går ble den offisielt åpnet av UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Publisert 18. jan. 2011 16:54

I 2013 vil regjeringa leggja fram ei ny forskingsmelding, opplyste forskingsminister Tora Aasland i dag. – Vitskapsåret 2011 må brukast til å diskutera viktige forskingsspørsmål, medan arbeidet med meldinga begynner i 2012, sa statsråden.  

Publisert 7. jan. 2011 14:15

Universitetet i Oslo markerte 200-årsjubileet sitt  i går ettermiddag med å lysa opp heile Blindern med lys i alle regnbogens fargar. Lysa blei farga med musikk som skulle passa til dei områda som blei lyslagde.

Publisert 16. feb. 2011 12:27

– Underholdning er bra, men det er ikke nok. Det er ikke det som er det sentrale ved den virksomheten vi driver, sier forsker Harald Bøckman ved SUM. Han er overrasket over UiOs prioriteringer for jubileumsåret.  

Publisert 24. jan. 2011 14:25

Toget sniglar seg over åsar og forbi storgardar på Hadeland. På toget sit forskaren Cathrine Holst og studenten Sumayya Javed. Dei er ambassadørar for Universitetet i Oslo. Reisemålet er Raufoss videregående skole.  

Publisert 9. feb. 2011 16:21

Sparebankstiftelsen DnB NOR overrekte i dag to millionar kroner til Observatoriet ved Universitetet i Oslo. Sjekken frå banksjef Erik Bjørndalen blei tatt imot av Jan B. Ommundsen (t.h.) som er prosjektleiar for skulesatsinga i Observatoriet.

Publisert 23. feb. 2011 13:16

Teknisk avdeling ved UiO har over 15 personar på post i sentrum under Ski-VM.  – Eg har måtta stansa nokre lydprøvar som har starta midt på dagen, seier områdeleiar Tone Thrap-Meyer, før ho blir avbroten av ein telefon. – Forsvarets stabsmusikkorps har begynt å øva no klokka 13.15. Eg må ringja produksjonsleiar Nora Ibsen i Ski-VM og be henne om å få dei til å utsetja lydprøvane til seinare, seier ho. Etter ein kort samtale var det gjort.

Publisert 4. feb. 2011 15:43

I mai og juni skipar UiO 200 til semifinalar i Forskar-Grand Prix i Chateau Neuf. Arrangementet rundar av med finale same stad rundt 23. september, opplyser prosjektleiar Gunn Camilla Stang i UiOs jubileumssekretariat.

Publisert 2. feb. 2011 14:03

Uniforum var på plass då dei første måleria til Edvard Munch denne veka vende tilbake til Aulaen gjennom ei godt skjult opning i aulaveggen. For to år sidan blei Aula-måleria tatt ned av veggen og flytta til ein ukjend stad, fordi Aulaen skulla pussast opp til UiOs 200-årsjubileum.  

Publisert 13. apr. 2011 14:36

Medisinsk bibliotek markerer UiOs 200-årsjubileum ved å gi ut ei historiebok om seg sjølv.  – Dette var ei spennande og interessant historie å skriva, seier dei pensjonerte bibliotekarane Kari Halldal(t.v.) og Marit Fonnum . –  Ei fin gåve, seier hovudbibliotekar Kari Austveg og overbibliotekar Anne-Gry Skonnord.

Publisert 8. apr. 2011 12:28

– Det er ei stor utfordring å forklara det komplekse enkelt for folk som ikkje er fagpersonar, seier Tuva Øktedalen.  – Eg er irritert på dei humanistane som har ei nedlatande haldning til formidling, seier Finn Iunker. Begge er mellom dei 20 doktorstipendiatane som skal delta i Forskar-Grand Prix i vår.  

Publisert 14. apr. 2011 11:35

– UiO skal skapa Noregs beste klimafestival 21. mai. Den skal få ordentleg fart på klimadebatten igjen, lovar prosjektleiar Espen Røsbak i UiO:200.

Publisert 4. apr. 2011 16:26

122 idear var den endelege fangsten under UiOs idéinnsamling på Karl Johan laurdag. – Målet er å samla inn 10 000 idear, så dette var ein god start, seier prosjektleiar Espen Røsbak i UiO200, UiOs jubileumssekretariat.

Publisert 19. mai 2011 15:23

Kunstnaren Helene Sommer byggjer no hytte på Blindern. Ho brukar materialar, tavler og anna utstyr som ho har funne på UiO, til å kle hytta med. Prosjektet er ein del av Klimafestivalen på laurdag.

Publisert 22. mai 2011 12:55

Nærare 5000 personar i alle aldersgrupper tok laurdagsturen til klimafestivalen som UiO skipa til på Blindern i helga. Både debattar, soloppvarma mat og el-billøp stod på festivalmenyen.

Publisert 3. mai 2011 16:20

- Måtte denne mynten minna samfunnet vårt om kor viktig det er med forsking og utdanning for framtida vår. Med desse orda sette UiO-rektor Ole Petter Ottersen Noregs Banks nye tikroning i sirkulasjon. Den er prega med Universitetet  200 år og med greske søyler. Designar er Enzo Finger.

Publisert 20. juni 2011 17:30

– Vår sivilisasjon er den første sivilisasjonen som står overfor eit problem som me ikkje kan læra av historia for å løysa. Svaret på korleis me skal takla dei menneskeskapte klimaendringane, må me finna ut på eiga hand. Det sa sosiologiprofessor Anthony Giddens frå London School of Economics (LSE) då han talte på Mangfaldsfestivalen på UiO laurdag 18. juni.

Publisert 16. mai 2011 14:04

UiO-rektor Ole Petter Ottersen og internasjonale studentar får gå i barnetoget i Oslo 17. mai. Grunnen er at Universitetet i Oslo er mellom dei utdanningsinstitusjonane i  Oslo som jubilerer.

Publisert 22. mai 2011 14:04

Doktorstudent Helene Knævelsrud vann den første delfinalen i Forskar-Grand Prix med formidlinga av korleis ho oppdaga protein 64 då ho var på jakt etter nye delar av cella sine søppelbilar. Premien var ein reisesjekk på 7500 kroner. – Reine eventyrforteljaren, meinte jurymedlem  Loveleen Kaur

Publisert 10. aug. 2011 14:05

Forgrunnsfiguren i rockegruppa Bigbang, Øystein Greni tar med seg bandet og inviterer gode musikarvenner til den store jubileumskonserten på Frederikkeplassen på Blindern 2. september kl. 17.30. – Øystein Greni har sjølv vore UiO-student, fortel prosjektleiar Torbjørn Heitmann Valum i UiO:200 til Uniforum.

Publisert 18. aug. 2011 09:43

Det Kongelige Frederiks Universitet startet sin eksistens i leide lokaler i Kvadraturen i det gamle Christiania. Idag åpner en utstilling om universitetets første år. Den handler om etableringen av et universitet uløselig knyttet til utviklingen av det frie, selvstendige Norge. 

Publisert 24. aug. 2011 15:45

Frå 1. til 8. september skal UiOs eigne fotografar dokumentera alt som går føre seg på universitetet. – Det skal bli bilete av det som skjer på kontora, i forskinga, i undervisninga og på uteområda, seier fotograf Arthur Sand som koordinerer dette jubileumsprosjektet.

Publisert 30. aug. 2011 13:51

UiOs store jubileumshelg avsluttes med en gudstjeneste. – UiO er og forblir en sekulær institusjon. De fellesverdier som det sekulære UiO forvalter, vil anerkjennes og verdsettes gjennom denne gudstjenesten, sier rektor Ole Petter Ottersen.

Publisert 11. aug. 2011 10:08

Et halvt år inne i jubileet er jubileumsdirektør Inger Stray Lien godt fornøyd. – Vi har fått gode tilbakemeldinger, godt pressegjennomslag og stor oppslutning om idéfestivalene, skryter hun. Den kritiske egenrefleksjonen som har vært etterlyst, kommer også, lover direktøren.

Publisert 10. aug. 2011 14:16

Både kong Harald, dronning Sonja og dronning Margrethe av Danmark vil delta under festmøtet for Universitetet i Oslos 200-årsjubilum i Universitetets aula fredag 2. september kl. 15.00. – Med ein kongeleg dansk gjest understrekar med at namnet på universitetet var Det Kongelige Frederiks Universitet heilt fram til 1939, fortel jubileumsgeneral Inger Stray Lien.