Nettsider med emneord «Nynorsk»

Publisert 6. juni 2023 04:30

Den polske norsk-studenten Bartlomiej Kozowski har fått nye inntrykk av norsk språk etter å ha studert nynorsk og dialektar på UiO. – Eg meiner at alle utanlandske studentar som skal læra seg norsk bør læra bokmål og nynorsk samtidig,

Publisert 18. apr. 2017 12:40

Nynorskbruken går opp ved UiO, men statsinstitusjonen er likevel langt frå å oppfylla krava i mållova. No ber universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe einingane om å fylgja Språkrådets oppfordring om at kvar fjerde sak på nettet og i sosiale media skal skrivast på nynorsk.

Publisert 23. juni 2016 12:00

15. juni tok Universitetet i Bergen formelt over ansvaret for å drifta bokmål- og nynorskordboka på nett. Samstundes ventar ein på dei siste trailerlassa med språksamlingsmateriale.

Publisert 23. mai 2016 23:44

No er alle råtekstane til Norsk Ordbok og språksamlingane i Oslo pakka ned i kartongar. Det første flyttelasset gjekk frå Oslo til Bergen denne månaden.

Publisert 19. apr. 2016 11:30

Namnegranskarar er ein sjeldan rase. No melder fleire av dei seg til dugnad når språksamlingane skal flytta til Bergen.

Publisert 14. apr. 2016 15:52

Språksamlingane, som Universitetet i Bergen no formelt har teke over ansvaret for, skal reint praktisk plasserast under Universitetsbiblioteket. Det gjer ein for å skjerma samlingane for svingingar i fakultets- og instituttøkonomien.

Publisert 4. aug. 2015 12:10

Studentar skal få tilbod om nynorsk på digitale eksamenar frå neste år. Det lovar studiedekan Ingrid Os på Det medisinske fakultetet ved UiO.

Publisert 17. juni 2015 15:53

Laura Alfaro frå Colombia, Tarjei Mattisson Funderud frå Østfold og Katrina Bjerke Throndsen frå Russland har ein ting til felles: Dei har vald å studera nynorsk på UiO.

Publisert 14. apr. 2015 20:26

ILN-leiinga sitt framlegg inneber oppsplitting. Om språksamlingane går ein stad og ordbøkene ein annan, forsvinn samordninga, skriv forskar og redaktør i Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik.

Publisert 9. mars 2015 09:12

Alle dei norske universiteta frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord ynskjer no å delta i arbeidet med å overta det faglege ansvaret for språksamlingane til Universitetet i Oslo. Frå før er det kjent at også Høgskulen i Volda er interessert.

Publisert 9. mars 2015 08:05

Institutt for lingvistiske og nordiske studium vil finna fram til ei fagleg forsvarleg løysing for språksamlingane. Det opplyser instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen til Uniforum.

Publisert 20. feb. 2015 11:34

Kan det virkelig være slik at Universitetet i Oslo er mer interessert i gjenstander enn i språk, og mer opptatt av regionalt ansvar enn av nasjonalt ansvar? spør professor emeritus Magnus Rindal i dette innlegget.

Publisert 1. des. 2014 11:55

I denne saka blir det no meir og meir påfallande at styret ved UiO ikkje har noka meining om framtida for språksamlingane, som universitetet framleis har det nasjonale ansvaret for, skriv Magnus Rindal.

Publisert 1. des. 2014 11:54

Magnus Rindal seier frå seg vervet som styreleiar for Norsk Ordbok . Han forklarar det med ynsket til Institutt for lingvistiske og nordiske studium om å overta den reelle styringa av prosjektet.

Publisert 28. nov. 2014 16:51

Nynorsk kultursentrum meiner at staten bør gi Universitetet i Bergen ansvaret for både språksamlingane og Norsk Ordbok. – Ein utmerka idé, seier rektor Dag Rune Olsen.

Publisert 5. aug. 2014 09:48

Universitetet i Oslo vil kvitte seg med språksamlingane. I Bergen er forskarar villige til å ta over i alle fall delar av ansvaret: ­­– Her kan UiB ta eit nasjonalt ansvar og markere seg, seier professor Helge Sandøy.

Publisert 28. juli 2014 17:59

Om språksamlingane og den digitale ordbokstenesta blir organiserte utanfor Universitetet i Oslo, vil også pengane fylgja med. Det understrekar Kulturdepartementet i eit brev til UiO-leiinga.

Publisert 26. mai 2014 16:32

Dei 28 språkforskarane i Norsk Ordbok har fått varsel om at dei mister jobben frå nyttår.  – Me er likevel nøgde med at prosjektet er i hamn til avtalt tid og pris, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

Publisert 16. mai 2014 11:37

Inntil rektor har uttalt seg, må vi gå ut frå at UiOs syn i denne saka er det som instituttet har målbore, skriv Magnus Rindal i dette innlegget.

Publisert 7. mars 2014 17:26

– Språkrådets tilråding til Kulturdepartementet om framtida for både prosjektet Norsk Ordbok og språksamlingane har me ingen innvendingar til, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen .

Publisert 5. mars 2014 15:59

Eit forskings- og dokumentasjonssenter med vitskaplege medarbeidarar er den beste løysinga for språksamlingane på universiteta. Det er rådet Språkrådet gir Kulturdepartementet.

Publisert 27. sep. 2013 11:02

Band 11 av Norsk Ordbok vart nyleg sleppt i Katedralskolens gamle festsal i Trondheim. Det var i den byen Ivar Aasen først fekk pengar til å dokumentera det norske folkemålet.

Publisert 7. aug. 2013 14:51

Norsk Ordbok har fått 150 millionar kroner til den tolv band store papirutgåva, men ikkje noko til nett. Nettversjonen manglar alle ord frå A til H.

Publisert 7. feb. 2013 10:49

– Vil rektorkandidaten sørga for at Lov om målbruk i offentleg teneste blir følgt opp, slik at minst 25 % av heimesidene og alt informasjonsmateriell er på kvar målform? spør Studentmållaget i Oslo i dette debattinnlegget.

Publisert 8. aug. 2012 14:49

Nok en gang har Språkrådet bedt UiO om å øke nynorskbruken. – Jeg konstaterer at vi har et stykke igjen å gå, spesielt på nett, sier administrasjonssjef Bjørnar Sarnes i Kommunikasjonsavdelingen. Men han forsikrer at universitetet tar loven seriøst.