Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
- Prisen er ikke bare en personlig anerkjennelse, men en støtte til og anerkjennelse av FNs straffedomstol for Rwanda (ICTR) og den internasjonale strafferettspleie, sa dommer Erik Møse etter at han mottok UiOs menneskerettighetspris for 2008 i Gamle Festsal 27. oktober.
– Den albanske minoriteten i Makedonia vil ikkje læra seg makedonsk eller lata barna sine gå i klassar med makedonske barn. Det fremjar ikkje akkurat integrasjonen mellom folkegruppene i det landet, sa høgkommissær for minoritetar i Europa, Knut Vollebæk i ein samtale i regi av Norsk senter for menneskerettar.
Robert Quinn tok i 1999 initiativet til å danna Scholars at Risk for å verna forfylgde akademikarar over heile verda. No er han tildelt UiOs menneskerettspris for 2012.
Den 13. mai blei fysikkforskaren Omid Kokabee frå University of Texas i Austin dømt til ti års fengsel i Iran skulda for å ha hatt illegal kontakt med ei utanlandsk regjering. No ber Universitetet i Oslo iranske styresmakter om å gi han høve til å appellera dommen til ein upartisk domstol og gi han medisinsk behandling i fengselet.
Talibans maktovertaking i Afghanistan har ført til ein kraftig reduksjon i talet på både mannlege og kvinnelege journalistar i TV, radio og aviser. Trugsmål, valdelege åtak og ein uviss arbeidssituasjon har skulda saman med hjerneflukta frå landet, er konklusjonen i ein fersk rapport frå forskarar ved OsloMet og UiO.
For 70 år sidan blei Elling Kvamme og 1200 andre studentar arresterte av den tyske okkupasjonsmakta. To månader etterpå kom han til konsentrasjonsleiren Buchenwald. – Eg lærte mykje om mennesket sin vondskap, men også om heltemot, seier 95-åringen.
– Om ikkje eit universitetsbibliotek skal forsvara ytringsfridomen, kven skal då gjera det? Difor var det svært viktig å få sett opp ei slik utstilling så raskt etter åtaket på satirebladet Charlie Hebdo, seier José Maria Izquierdo til Uniforum.
President Nicolas Maduro i Venezuela har starta forhandlingar med opposisjonen. – Eg er ikkje særleg optimistisk, seier professor Edgardo Lander ved Universidad Central de Cáracas til Uniforum.
Mads Andenæs slutter som direktør for Norsk senter for menneskerettigheter (SMR) etter mindre enn ett år i jobben, melder Morgenbladet i dag.
- Liu Xiaobo (bildet) er en verdig prisvinner. Tildelingen går inn i en lang tradisjon som komiteen har for å hedre og støtte forkjempere for sivile og politiske rettigheter. Det sier direktør Nils Butenschøn ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo i ei pressemelding. I dag ble Liu Xiabo tildelt Nobels fredspris.
Universitetsbiblioteket ved UiO viser ei utstilling om satiremagasinet Charlie Hebdo.
Studentenes fredspris 2017 tildeles Hajer Sharief (23) fra Libya. Hun får prisen for sitt modige arbeid for å inkludere kvinner og ungdom i fredsbyggende arbeid i Libya og i verden for øvrig. Prisen ble kunngjort av priskomiteen til Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim i går kveld.
Beijing: Det er tøffere å drive forskningssamarbeid i Kina når man er humanist eller samfunnsviter. Det er ikke så enkelt som at enten blir man sensurert, eller så blir man det ikke: Det er nyansene som teller.
Jusstudentane skal ha honnør for at dei set menneskerettane i Iran på dagsordenen igjen. Det viser at det internasjonale engasjementet absolutt lever mellom dagens studentar.
UiO-professor og jurist Mads Andenæs er på nytt utnemnd av FNs menneskerettsråd til medlem i arbeidsgruppa som granskar vilkårleg fengsling. Han vil dermed få ein ny treårsperiode i gruppa.
Studentenes fredspris ble i dag tildelt den fengsla studentlederen Majid Tavakoli (26 år) fra Iran, melder Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim.
Maria Ressa fra nettavisen Rappler på Filippinene og sjefredaktør Dmitrij Muratov i den uavhengige avisa Novaya Gazeta i Russland er tildelt Nobels fredspris for 2021.
For Universitetet i Oslo er det grunn til å vera stolt over at fredsprisvinnar Liu Xiaobo var på eit lengre studieopphald her i 1988. Det er lov å håpa at han fekk ein del av inspirasjonen til å kjempa for menneskerettane og ytringsfridomen i Kina, då han var i Oslo.
Før jul blir det truleg ei avklaring på korleis det kan etablerast ein nasjonal institusjon for menneskerettar skilt frå Norsk senter for menneskerettar (SMR) ved UiO, avslørte utanriksminister Jonas Gahr Støre på 25-årsjubileet til SMR.
– Universitetet i Oslo må vera ein stad der det er mogleg å utforska standpunkt uansett kor usmakelege og støytande dei kan vera. Difor er det viktig også å utfordra ytringsfridomen og spørja om den har sine grenser, meiner statsvitskapsprofessor Raino Malnes.
Kinesiske styresmakter kallar utvisinga av ein doktorgradsstipendiat for grunnlaus og urimeleg. Forskaren er utvist fordi Politiets tryggingsteneste (PST) meiner han er ein fare for tryggleiken til riket.
Cubas einaste frie og uavhengige nettavis har eksistert i fem år. Dei to eldsjelene Juan Gonzalez Febles og Luis Cino Àlvarez redigerer avisa Primavera Digital heime hos redaktøren. Avisa blir finansiert av eit senter knytt til Kristdemokraterna i Sverige.
I Noreg er akademisk fridom blitt lovfesta. Også i USA og i dei fleste andre demokratiske land er det berebjelken i rettane til alle vitskaplege tilsette.Uniforum meiner det også bør inn som ein kategori i dei internasjonale rangeringane av universiteta.
– I dag lever for mange av dei serbiske intellektuelle i fortida og ser på Serbia som eit offer og ikkje som det landet som har stått bak dei fleste av overgrepa mot sivile under krigane i det tidlegare Jugoslavia. Det meiner Sonja Biserko som nyleg tok imot UiOs menneskerettspris for 2010.