Nettsider med emneord «Menneskerettar»

Portrett av to kvinner
Publisert 1. mars 2024 17:01

Mange av dei som vert radikaliserte til valdeleg ekstremisme meistrar ikkje skulen, har laus tilknyting til arbeidslivet, har vakse opp med ein for dårleg omsorgssituasjon og fleire er utsette for vald. Det er eitt av funna Ekstremismekommisjonen har gjort etter å ha gått gjennom 20 enkeltsaker i Noreg.

Publisert 21. feb. 2024 15:07

– Då rektor Anne Borg gjekk av, ville instituttet mitt ha eit eige seminar om ytringsfridom og om kor viktig det er å ytra seg.  Før ho hadde dolka oss i ryggen, fekk me kritikk frå instituttet. Det sa NTNU-forskaren Jonas Kristiansen Nøland i ein debatt på UiO i går. 

Publisert 8. feb. 2024 15:00

I fjor var det Demenskoret med dirigent Kim Wigaard og programleiar Ingrid Gjessing Linhave som fekk UiOs menneskerettspris. – Kven det blir i år, kan du vera med på å avgjera, seier prorektor Åse Gornitzka som leier priskomiteen.

Portrett av ei kvinne
Publisert 1. des. 2023 04:30

– No er det viktig å byggja opp tilliten til norske styresmakter både i Fosen og på andre område, sa medlem i Sametingsrådet, Maja Kristine Jåma på eit møte på UiO denne veka.

Portrett av ei kvinne
Publisert 27. nov. 2023 04:30

Dei unge journalistane på Cuba vil heller jobba for uavhengige digitale media enn for dei statseigde avisene. Det er eitt av funna Anne Natvig har gjort i doktoravhandlinga si frå Institutt for media og kommunikasjon ved UiO.

Portrett av ein mann
Publisert 14. nov. 2023 16:08

UiO-rektor Svein Stølen er fortvila og rysta over dei sivile lidingane i konflikten mellom Israel og Hamas. – Me vil ta i mot forskarar frå Gaza og Vestbreidda på same måte som me tok imot forskarar frå Ukraina, lovar han.

Publisert 3. nov. 2023 11:03

– Då me endeleg kom til Bangkok kunne me skåla for fridomen, seier Aung Soe Htet, forskar, og i 14 år tilsett under ulike helseministrar i Myanmar. – Feiringa starta litt for tidleg, fortel Espen Bjertness som henta kollegaen på grensa mellom Myanmar og Thailand. 

Publisert 1. nov. 2023 17:22

Sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen kom inn på vindmøllene på Fosen på eit seminar om Sannings- og forsoningskommisjonens rapport  i går. – For urett er ikkje noko som berre skjer i historisk perspektiv, men også i dag, sa han. Kommisjonsmedlem Anne Julie Semb trudde på forsoning.

Portrett av ei kvinne
Publisert 31. aug. 2023 14:08

– Også den akademiske fridomen er under press i demokratiet Israel, seier dekan Gili Drori ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på the Hebrew University i Jerusalem.

Ein gruppebilete av folk som deltar i UiOs og OsloMets markering av Oslo Pride
Publisert 1. juli 2023 15:53

Fleire hundre tilsette og studentar frå UiO og OsloMet samla seg i Botanisk hage i dag før dei til musikk frå Biørneblæs spaserte vidare til Pride-opptoget på Grønland.

Publisert 7. juni 2023 17:22

– Med det forslaget som er lagt fram, vil ikkje Stortinget lenger få sjå kva departement som er involverte i behandlinga av ei sak, som regjeringa skal ta stilling til. Det sa jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen frå UiO i Pressens hus i formiddag.

Publisert 1. juni 2023 19:16

– Det er også historia til min familie som rullar ut og viser bakteppet for at dei vaksne valde å snakka kun norsk til oss, fortel kvenskspråklege Pia Lane, medlem av Sannings- og forsoningskommisjonen og professor i fleirspråklegheit på UiO.  

To menn står framfor ein talarstol i Stortinget
Publisert 1. juni 2023 16:18

I dag har Sannings- og forsoningskommisjonen kunngjort konsekvensane fornorskingspolitikken har ført til.  – No er det tid for eit oppgjer med nasjonen sin urett overfor samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar, sa kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten i Stortinget. 

Publisert 26. apr. 2023 04:30

– Alle universiteta i Tyrkia er no kontrollerte av rådet for høgare utdanning. Derfor er autonomien til universiteta avgrensa, fortel Erkan Saka på Istanbul Bilgi University. Men Süleyman Irvan på  Ûsküdar Unversity nektar likevel å driva med sjølvsensur.

Portrett av ei kvinne
Publisert 13. apr. 2023 04:30

– Sjølv om eg er frikjent for alle skuldingar om støtte til terrorisme, har ingen enno opna døra tilbake til akademia for meg. Det fortel jussprofessor Isthar Gözaydin frå Tyrkia, som blei tildelt UiOs menneskerettspris i 2017. 

Portrett av ein mann i ei bygate framfor ein trikk.
Publisert 17. mars 2023 04:30

Akademikarane Erol Koroglo og Mirat Sevinc skreiv i 2016 begge under på ei oppfordring til Tyrkias regjering om å ta opp igjen fredsforhandlingane med dei kurdiske opprørarane. Den eine fekk halda fram i jobben som litteraturprofessor, medan den andre fekk sparken som jussprofessor.

Publisert 10. mars 2023 04:30

– Uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga. Det finst ikkje ord som kan skildra det, seier den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut. Både ho og kollegaen Nida Kara trur jordskjelvet kan få fylgjer for presidentvalet i mai.

Portrett av ei kvinne og ein mann
Publisert 2. mars 2023 16:59

–Eg er imot brenning av bøker, anten det er Koranen eller Bibelen. Men me kan ikkje hindra folk i brenna sine eigne bøker, sa Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk på Blindern i dag. Klassekampen-redaktør Mari Skurdal ville setja ytringsgrensa ved gjentatt trakassering av ein minoritet.  

Publisert 28. feb. 2023 18:12

– Både Vladimir Putin og alle som står bak han må stillast for  den internasjonale straffedomstolen i Haag for krigsbrotsverka i Ukraina. Det sa vinnaren av Nobels fredspris i 2022, Oleksandra Romantsova på eit møte i Domus Bibliotheca på UiO i går.

Publisert 21. des. 2022 23:04

Denne veka gjorde Taliban det klart at kvinner ikkje lenger får gå på universitet i Afghanistan. – Det var forventa, men eg håpa det ikkje skulle skje, seier UiO-tilsett og afghanar Zahir Athari.

Publisert 5. des. 2022 17:29

– Ikkje tru at dette ikkje vil koma hit, men ver på vakt og ver modig, for det einaste som kan redda akademisk fridom er at folk gjer det som er rett. Det er bodskapen frå den ungarske professoren Andrea Petö til dei tilsette på Universitetet i Oslo.

Publisert 28. nov. 2022 04:30

I Polen er dommarar blitt suspenderte og oppsagde fordi dei har kome fram til dommar som regjeringa har vore ueinig i. Nyleg var fleire av dei på UiO og fortalde korleis den utøvande makta sakte, men sikkert har tatt over den dømmande makta.

Mange flyktningar i Ukraina tar toget til ein sikker stad
Publisert 17. nov. 2022 04:30

Det var 391 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar i 65 land mellom 1. september 2021 og 31. august 2022, melder Scholars at Risk.

To menn og ei kvinne på gata i Berlin
Publisert 27. okt. 2022 22:02

Studentmagasinet DOXA Magazine fra Moskva mottar prisen fra norske studenter for sitt arbeid for presse- og ytringsfrihet.

Fleire personar deltar i ein demonstrasjon i ei gate
Publisert 30. sep. 2022 17:17

Håpet er at demonstrasjonane inneber byrjinga på slutten av det autoritære og menneskefiendlege regimet i Iran. Også folket i Iran har rett til fridom, likeverd og demokrati.