Nettsider med emneord «Latin-Amerika» - Side 3

Publisert 18. feb. 2009 13:18

Den norske oppdagelsesreisende, forfatteren og fotografen Carl Lumholtz studerte på 1890-tallet de indianske kulturene Tarahumare og Huichol. Søndag 22. februar presenteres hans fotografier i Historisk museum. Sosialantropolog Håkon Rokseth holder foredrag om Huichol på 2000-tallet.

Publisert 27. okt. 2008 17:18

Med perkusjonisten Célio de Carvalho som musikalsk drahjelp kunne Nasjonalt Nettverk for Latin-Amerika-forsking (NORLARNET) markera sin eigen offisielle oppstart onsdag 22. oktober.

Publisert 1. juli 2008 15:26

Eit nasjonalt nettverk for Latin-Amerikaforsking blir lagt til Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Det opplyser avdelingsdirektør Jesper W. Simonsen i Forskingsrådet til Uniforum. Dermed får UiO ei løyving på 4,8 millionar kroner over tre år som skal finansiera etableringa av nettverket.

Publisert 5. nov. 2007 12:46

Regjeringen satser 15 millioner kroner til oppstart av et nasjonalt nettverkssekretariat for Latin-Amerika-kompetanse og et eget forskningsprogram gjennom Norges forskningsråd. Det opplyste miljø- og utviklingsminister Erik Solheim da han og forskningsminister Tora Aasland 2. november lanserte regjeringens Latin-Amerikasatsing.

Publisert 10. aug. 2007 15:25

Noreg bør etablera eit nasjonalt nettverk for Latin-Amerikakompetanse. Det er tilrådinga frå ei arbeidsgruppe nedsett av Utanriksdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Gruppa ynskjer også at det blir oppretta eit forskingsprogram og eit utvekslingsprogram øyremerkt Latin-Amerika.

Publisert 6. juni 2007 10:53

32 UiO-studentar tar eit eller to semester ved eit universitet i Latin-Amerika dette studieåret. Men svært få latinamerikanske studentar kjem til UiO. Fagmiljøet på spansk og portugisisk meiner difor det er behov for auka studiestøtte til studentar frå Latin-Amerika.

Publisert 18. apr. 2007 11:41

Utanriksdepartementet arbeider for å etablera eit kunnskapssenter om Latin-Amerika. - Målet er å styrkja og samla kompetansen om Latin-Amerika i Noreg, fortel underdirektør Hege Araldsen i Latin-Amerikaseksjonen i UD til Uniforum. Universiteta i Oslo og Bergen skal delta i planlegginga.

Publisert 28. nov. 2006 09:49

Det medisinske fakultetet ved Nasjonaluniversitetet i Mexico by vil gjerne ha norske studentar, medan Det veracruzanske universitetet i Xalapa får for mange norske studentar i høve til kor mange dei sender til UiO.

Publisert 8. mars 2006 13:23

- Indianarbøndene i Andesfjella i Peru organiserte sjølvforsvarsgrupper mot geriljagruppa Lysande Sti og medverka til at staten klarte å nedkjempa geriljaen. Det gav dei legitimitet til å krevja at staten skulle finansiera bygging av helsesenter, skular, vegar og bruer på landsbygda, fortel Jemima García-Godos ved Senter for utvikling og miljø. Ho har skrive ei doktoravhandling i samfunnsgeografi om alliansen mellom stat og bønder i Peru.

Publisert 22. sep. 2005 14:25

- Døden er fellesnemnaren for dei fem tekstane som eg har analysert i denne boka. Det seier førsteamanuensis Juan Pellicer ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk til Uniforum. I haust gir han ut boka "Entre la muerte y un vaso de agua" (Mellom døden og eit glas vatn) på forlaget til Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM). Boka er basert på forelesingar han har halde ved UiO.

Publisert 27. okt. 2004 15:44

- Det er berre mogleg å skapa fred i Colombia den dagen regjeringa kan skapa jobbar og gode sosiale og økonomiske vilkår for folk flest. Før det skjer, vil geriljagruppene og dei paramilitære grupper halda fram med å vinna oppslutnad. Det seier senator og tidlegare viserrektor ved Antioquia-universitetet i Medellin, Carlos Gaviria til Uniforum.

Publisert 14. okt. 2004 10:30

- Kuppet gjorde meg til forfattar. Det fortel den chilenske forfattaren Isabel Allende , som trekte nesten fullt hus i BokCafeen i Storsalen i Chateau Neuf 4. oktober.

Publisert 17. aug. 2004 09:11

Universitetet i Oslo har for første gong skrive under ein avtale om studentutveksling med eit universitet i Mexico. Avtalen mellom Universitetet i Xalapa i delstaten Veracruz og UiO blei underskriven i sommar. Det vil seia at studentar på Latin-Amerikaprogrammet ved HF kan ta eitt eller to semester ved det universitetet.

Publisert 16. juni 2004 16:23

- I Chile var eg berre ein person, men her i Noreg blei eg chilenar. Det seier ein av personane som Jan Sverre Knudsen har intervjua i doktoravhandlinga si om kva rolle musikk og dans spelar som identitetsskapar i det chilenske miljøet i Oslo. Avhandlinga som han har gjort ved Institutt for musikk og teater, ber tittelen "Those that fly without wings - Music and Dance in a Chilean Community".

Publisert 9. juni 2004 11:09

- Dei karismatiske rørslene er på sterk frammarsj i Den tredje verda. Det er den mest dramatiske utviklinga som skjer innanfor kristendomen i dag, konstaterer professor i kyrkjehistorie, Berge Furre. I dag inviterer Det teologiske fakultetet til ein internasjonal konferanse om dette temaet.

Publisert 3. nov. 2003 17:12

Han blei fødd i 1904 som Neftali Ricardo Reyes Basoalto, men var verdskjent som Pablo Neruda då han døydde i 1973. 100-årsjubileet for den chilenske nobelprisvinnaren i litteratur skal markerast med ein eigen Neruda-dag i Georg Sverdrups hus 18. november.

Publisert 29. apr. 2002 10:49

To norske studentar skal få høve til å læra om studentdemokrati i Colombia medan to colombianske studentar får høve til å læra om norsk studentdemokrati gjennom arbeidet til Studentparlamentet i Oslo. Dette er mogleg takka vera det nyleg inngått samarbeidet mellom Colombia Studentforening (CSF) og Fredskorpset, opplyser Ingjerd Utkilen og Heidi Ryste i CSF til Uniforum.

Publisert 10. des. 2001 16:23

-Det er naudsynt med ei styrking av FN og ei demokratisering av Tryggingsrådet for at FN skal få meir makt i verdssamfunnet.

Publisert 26. juli 2001 13:41

Flere brasilianske universiteter har engasjert seg i sine lokalmiljøer for å hjelpe arbeidsløse byboere med å etablere levedyktige virksomheter, slik at de klarer å brødfø seg selv.

Publisert 18. juni 2001 16:49

- Enno er det ingen ny litterær bylgje frå Latin-Amerika som har overtatt for Den magiske realismen . Det seier den meksikanske forfattaren og litteraturkritikaren, Carlos Monsivais.

Publisert 26. apr. 2001 17:02

- Stopp drapa, trugsmåla og bortføringane frå dei paramilitære gruppene på dei colombianske universiteta. Det var oppmodinga president Andrés Pastrana fekk frå styremedlem Jaime Osorno i Den colombianske studentunionen (Asociación Colombiana de Estudiantes Universitarios), då Pastrana vitja Universitetet i Oslo onsdag 25. april.

Publisert 26. nov. 2000 12:11

Studentar og universitetslærarar som er truga på livet i Colombia, ber norske universitet om å ta imot dei for ein kortare periode til dei kan venda heim att. Til no i år er 30 studentar og 10 universitetslærarar myrda i dette valdsherja landet.