Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Bob Dylan får Nobels litteraturpris for 2016. Det kunngjorde Svenska Akademin klokka 13 i dag. – Det var svært gledeleg, seier Dylan-ekspert Reidar Aasgaard ved UiO.
Med elleve nykomponerte musikkstykke til dei elleve måleria til Edvard Munch, blei 100-årsdagen for Munch-måleria i Aulaen feira den 19. september.
Forfattaren Lars Saabye Christensen, journalist Tom Stalsberg og gitaristen Amund Maarud og trekkspelvirtuosen Stian Carstensen inviterte i dag alle venner av lunsj med kultur til ein musikalsk og poetisk kjøretur i Buicken tvers over USA.
I slutten av august markerer Naturhistorisk museum 200-årsminnet for Christen Smith med teaterstykket Ekspedisjon 60º N.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vil nå endå fleire familiar enn i dag når den nye bygningen står ferdig i 2020. Oppskrifta håpar dei å få frå 15 norske og 12 amerikanske studentar.
Ei enkel førelesing av Per Fugelli om livsvisdom førte til lang kø og flytting til Sophus Lies auditorium under UiO-festivalen laurdag 23. april.
Var det ein student eller ein førelesar som kom for seint til førelesinga i dag? Motorsykkelen blei redninga.
Når det blir dyrare enn før å arrangera konsertar, debattar og førelesingar med gjesteførelesarar, fungerer ikkje rammeavtalane etter formålet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
– Jeg må kutte Lunsj med kultur-konsertene ned til rundt en tredjedel av hva vi får til i dag, hvis USIT gjør alvor av å droppe all praktisk hjelp med avvikling av profesjonelle lydtjenester, sier Gjøril Songvoll.
I dag kom "Snømannen" til Blindern. Heile dagen har det vore filminnspeling i og utanfor Blindern Athletica, også kjent som Idrettsbygningen.
Alle veit at Jo Nesbøs politietterforskar Harry Hole bur i Sofies gate 5. Få veit at det er medisinprofessor Øivind Larsen og kona som eig bygarden. For turistane spelar han også ei rolle i universet til Harry Hole.
Moderne ballett var det dei UiO-tilsette fekk presentert då Nasjonalballetten dansa under Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus i dag.
– Universiteta som lykkast internasjonalt, lykkast også nasjonalt og regionalt. Vegen til kvalitet går difor gjennom internasjonalisering, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen på årsfesten til Universitetet i Oslo onsdag 2. september.
I 1865 blei slaveriet avskaffa i USA. Samtidig oppstod Ku Klux Klan og lynsjingane av dei frigjorde slavane tok til. For mange afroamerikanske musikarar blei Europa redninga.
Unikor blei introdusert av UiO-rektor Ole Petter Ottersen då koret i formiddag avslutta vårsesongen til Lunsj med kultur.
Maj Britt Andersen var mest populær under UiO-festivalen og trekte åleine 600 unge publikummarar. Det opplyser festivalsjef Gjøril Songvoll til Uniforum.
– Verdssamfunnet bør bli flinkare til å hindra ran av kulturskattar også i land som ikkje er ramma av krig, seier Neil Brodie, ein av verdas fremste ekspertar på illegal handel av kulturskattar.
Heile 17 personar blei utnemnde til æresdoktorar ved Universitetet i Oslo på årsfesten i Universitetets aula 2. september. Dei meste kjende var forfattaren Siri Hustvedt, The Guardian-redaktøren Alan Rusbridger og superformidlaren Hans Rosling.
Dans, song, mat og kampsport var stikkorda for kulturkvelden til Den internasjonale sommarskulen ved UiO før helga.
Mest alle universitetsbygningane på Blindern, alle bygningane til Naturhistorisk museum og Observatoriet er blitt freda av Riksantikvaren
CocaCola-kjemikarane i EepyBird og UiO-formidlarane Andreas Nakkerud og Anders Hafreager trekte både barn og vaksne til UiO-festivalen på laurdag. Men rockegruppa The Dogs hadde høgast desibelnivå.
Oslo ESS og Oslo fagottkor var mellom artistane som deltok då UiO arrangerte grillfest for studentar og tilsette på fredag. Dei som møtte opp fekk ei rik konsertoppleving.
Over 6000 barn og vaksne deltok på UiO-festivalen laurdag 20. april. – Me er kjempenøgde med dette rekordbesøket, seier festivalsjef Gjøril Songvoll til Uniforum.
Forskarar, poetar, popartistar og operastjerner inntar Universitetet i Oslo førstkomande laurdag når universitetet for andre gong arrangerer UiO-festivalen.