Nettsider med emneord «Kollegievalget 2002»

Publisert 17. des. 2002 16:01

Utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt Egil Myklebust og Boel Flodgren som eksterne medlemar i Kollegiet ved Universitetet i Oslo. Myklebust er tidlegare generaldirektør og noverande styreformann for Norsk Hydro medan Flodgren er avtrappande rektor ved Lunds universitet i Sverige.

Publisert 27. nov. 2002 10:32

Hanna Ekeli frå NTL blei vald inn i Kollegiet som representant for dei teknisk-adminstrativt tilsette ved UiO. Ho fekk 390 stemmer, medan Kristian Mollestad frå Forskarforbundet og Hanne Skjølås Nygaard frå 2fo fekk høvesvis 330 og 174 stemmer.

Publisert 20. nov. 2002 10:41

Både kollegiekandidat Kristian Mollestad frå Forskarforbundet og kollegiekandidat Hanne Skjølås Nygaard frå 2fo opnar for tilsetjing av instituttstyrarar ved UiO. Den tredje kollegiekandidaten Hanna Ekeli frå NTL, vil halda fast på ordninga med valde instituttstyrarar. Det kom fram på debattmøtet 19. desember.

Publisert 19. nov. 2002 11:40

Kristian Gundersen frå Biologisk institutt og Harriet Bjerrum Nielsen frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking er valde inn i det nye kollegiet som representantar for dei vitskapleg tilsette. Etter at alle stemmene var talde opp, hadde Kristian Gundersen fått 453 stemmer medan Harriet Bjerrum Nielsen hadde fått 358 stemmer.

Publisert 18. nov. 2002 22:14

Kristian Gundersen frå Biologisk institutt og Harriet Bjerrum Nielsen frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking er valde inn i det nye kollegiet som representantar for dei vitskapleg tilsette. Etter at alle stemmene var talde opp fekk Kristian Gundersen 453 stemmer medan Harriet Bjerrum Nielsen fekk 358 stemmer.

Publisert 8. nov. 2002 14:19

Hanne Ekeli, Kristian Moldestad og Hanne Skjølås Nygaard er alle kandidatar til den eine plassen som representant for dei teknisk/administrativt tilsette i det nye kollegiet.

Publisert 6. nov. 2002 10:11

Det er klare universitetspolitiske skiljelinjer mellom Harriet Bjerrum Nielsen og Gunnar Handal på den eine sida og Camilla Serck-Hanssen og Kristian Gundersen på den andre. Det avslørte debattmøtet mellom kollegiekandidatane 5. november. Gunnar Nicolaysen og Aanund Hylland var dei to einaste som ikkje hadde nokon klar alliansepartnar blant dei andre kandidatane. Berre to av dei seks kandidatane kan veljast inn i det nye kollegiet, og på grunn av kjønnskvotering må det vera ei kvinne og ein mann.

Publisert 1. nov. 2002 14:39

Alle dagens fem representantar for dei vitskapleg tilsette er blant dei seks som er foreslåtte som kandidatar til kollegievalet 18. november. Det einaste nye namnet blant dei, er økonomiprofessor Aanund Hylland. Berre to av dei seks kan bli valde inn i Kollegiet.

Publisert 23. okt. 2002 10:16

Valg til nytt kollegium nærmer seg. Torsdag 31. oktober klokka 16 er siste frist for å levere inn forslag til kandidater blant vitenskapelig tilsatte. Uniforum har foretatt en "ringerunde" blant de nåværende representantene. Resultat: 6 av 7 ønsker å fortsette.